- Ei folkerøysting vil ikkje endre Kinn kommune

Artikkelen er over 1 år gammel

Stortingspolitikar Kari Kjønaas Kjos (FrP) seier til NRK at ei folkerøysting ikkje vil endre noko som helst. Kinn kommune vil framleis vere ein realitet.

DEL

NRK Sogn og Fjordane har vore i kontakt med fleire sentrale stortingspolitikarar, som alle stadfestar at ei folkerøysting på noverande tidspunkt ikkje vil bety noko for Kinn kommune.

Danninga av Kinn er no vedteken i Stortinget i to rundar. Først i juni, av det førre Stortinget. Så i desember, av det nye.

– Alle samanslåingsvedtaka som vart fatta av Stortinget før sommarferien i fjor, vart tekne opp igjen i fjor haust og stadfesta. Det er difor ikkje mogleg å få endra vedtaket om å slå saman Vågsøy og Flora, seier Kari Kjønaas Kjos (Frp) som er nestleiar i kommunalkomiteen på Stortinget, til NRK.

(Saka held fram under bildet)

Ho slår fast at det er endeleg bestemt kva kommunar som skal slå seg saman, og at det ikkje finst nokon retur.

Tysdag kveld skal det vere folkemøte i Vågsøy, der det er venta å vere høg temperatur. Ein underskriftsaksjon har som kjend samla over 1500 signaturar for å få folkerøysting om samanslåinga av Vågsøy og Flora:

Artikkeltags