Fleirtalet består av FrP, Venstre og Arbeiderpartiet, medan regjeringspartiet Høgre gjekk imot samanslåinga.
Fleirtalet i komiteen syner til at kommunane Flora og Vågsøy begge har gjensidige positive vedtak om samanslåing for å skape ein sterk kystkommune i Sogn og Fjordane, og at ein allereie no kan godkjenne den frivillige samanslåing då dette vil sikre meir føreseielegheit til prosessane dei uansett må igjennom, og moglegheita til å søkje om infrastrukturmidlar og liknande.
Sjølv om ein godkjenner samanslåinga av Flora og Vågsøy no, så vil likevel kommunalkomiteen gjennomføre utgreiinga av ein kystkommune der og Bremanger vert vurdert, slik kommunaldepartementet har foreslått. Dette meiner dei vil være fornuftig og nytting kunnskap for alle dei tre kommunane står det i merknaden frå komiteen.
Gruppeleiarane i FrP og Venstre i Flora bystyre er strålande nøgd med innstillinga frå kommunalkomiteen, og meiner at det var svært viktig å få denne avklaringa no.
Dei meiner at ei utgreiing slik departementet har bedt om, er fornuftig med tanke på ei eventuell samanslåing av både Vågsøy, Bremanger og Flora. Men det er ingen grunn til å vente med å godkjenne den frivillige samanslåinga mellom Flora og Vågsøy.
Varaordførar i Flora og gruppeleiar for Venstre, Jan Henrik Nygård, meiner at det ville vore rart om Stortinget skulle sagt nei til ei frivillig kommunesamanslåing, og peikar på at dette blant anna hadde hindra dei to kommunane i å kunne få midlar til å utvikle infrastrukturen mellom dei to kommunane.
- Dette vedtaket gjer det mogleg for oss å søke om midlar både til å få på plass lokale pendlarruter med nye og miljøvenlege løysingar mellom Måløy og Florø, men og midlar til planlegging og prosjektering av framtidige parsellar på kystvegen, seier han.
Gruppeleiar for FrP, Frank Willy Djuvik, skulle gjerne ynskja seg ei avklaring om Bremanger allereie no, men er likevel glad for at fleirtalet godkjenner samanslåinga av Flora og Vågsøy.
- Komiteen peikar i sine merknader på at dette handler om etableringen av ein sterk kystkommune i Sogn og Fjordane, og det er gledeleg at stortingsfleirtalet ser potensialet som ligg i ein slik kommune. Skal vi ta grep om samfunnsutviklinga og ha evna til å være ein god tilretteleggar for gode tenester til innbyggjarane og næringslivet i åra framover, så er ein sterk kystkommune heilt avgjerande, seier Djuvik.
Begge dei to florapolitikarane seier dei er overraska ovar at Høgre har valgt å seie nei til den frivillige samanslåinga, men er glad for at Arbeidarpartiet likevel sikra fleirtal.