– Mange har lengta etter ei slik side, der ein kan vere positive til Kinn

HEIA KINN: Erlend Svoren er ein av administratorane bak «Vi som heier på kystkommunen Kinn». Foto: privat

HEIA KINN: Erlend Svoren er ein av administratorane bak «Vi som heier på kystkommunen Kinn». Foto: privat

Artikkelen er over 1 år gammel

Den siste tida er det samanslåingsmotstandarane som har dominert debatten om Kinn kommune. No samlar ja-sida seg, og heiar fram den nye kommunen via ei ny Facebook-side.

DEL

Nettsida «Vi som heiar på kystkommunen Kinn» har no over 500 likerklikk på berre åtte dagar. Til no er det flest frå Vågsøy som heiar, men florøværingane har heldigvis oppdaga sida, fortel administrator Erlend Svoren i ei pressemelding.

Svoren, som er ein av seks administratorar, er veldig glad for at fleire stemmer i Vågsøy blir høyrde og for at florøværingar òg liker sida godt.

– Vi er kjempenøgde! Vi har fått mange tilbakemeldingar på at mange har lengta etter ei slik side. Det at folk kan seie at dei er positive til Kinn utan å måtte argumentere for synet sitt i ulike kommentarfelt, trur eg er viktig. Ikkje alle har lyst å ta debatten offentleg, men dei har lyst å skape litt meir balanse. Vi er kjempeglad for å ha både følgarar frå Vågsøy og Flora, seier han.

– Ikkje debattside

Sida har reglar for å unngå at det blir ei debattside der tonen kan bli krass og synspunkt eller personar kan bli latterleggjort.

– Skal det vere ei debattside trengst det nokon som kan moderere og overvake debatten, mellom anna for å unngå personhets. Sidan vi alle saman er i full jobb, har vi ikkje moglegheit til å gjere denne jobben i tillegg. Derfor er det er nettside berre for dei som er positive til Kinn og for dei som har lyst å lese om gode grunnar til å slå saman Vågsøy og Flora, seier Svoren.

Sida inneheld til no blant anna lesarinnlegg som har stått på trykk i lokale media, og små personlege tekstar frå personar frå Flora og Vågsøy.

– Vi lar mannen og dama i gata få snakke. Personane som fortel har ulik alder og ulike yrke. Vi liker òg å dele små filmsnuttar, avisartiklar om kommunesamanslåinga og små sitat. Det kjem òg meir forskjellig gøy som vi sjølvsagt ikkje kan røpe kva er. Dei som føl sida, får sjå, smiler Svoren.

Send inn bilde

Nettsida har i tillegg oppfordra folk til å sende inn bilde frå Vågsøy og Flora med emneknaggen #mittkinn.

slik at innbyggarane i dei to kommunane får sjå forskjellige plassar av det som kjem til å vere Kinn kommune under #mittkinn.

– Kanskje kan dette vere eitt av dei første stega til å bli betre kjende? Vi har jo mykje flott natur og mange fine plassar å vere stolte av i kommande Kinn kommune. Så dette er rein marknadsføring til oss sjølve av kommunen vår, held Svoren fram.

Sjølv om det er mannen og dama i gata som til no har dominert nettsida, er administratorane einige om at dei gjerne vil høyre meir frå lokalpolitikarane òg:

– Lik og del

– Vi blir veldig glade dersom dei liker, delar, kommenterer og skriv innlegg frå besøkande på sida vår. Vi har sett at frå Florø har blant anna Ola Teigen likt sida og Jacob Nødseth har skrive innlegg frå besøkande. Det set vi stor pris på! Og eg trur at folk, spesielt i Vågsøy, gler seg til å høyre meir om kva lokalpolitikarane trur kan vere positive konsekvensar av samanslåinga. Tida er moden for dette no, så her er det berre å slenge seg rundt. Jo fortare, jo betre, stadfestar Svoren.

Men dei er òg klare på at akkurat denne sida ikkje skal vere styrt av anna ein engasjement frå lokalbefolkninga.

– Vi er seks administratorar frå Vågsøy og Flora. Dei fleste av oss er frå Vågsøy. Vi er privatpersonar med ulike jobbar. Det vi har til felles er at vi har funne kvarandre i debatten, i kommentarfelta og gjennom lesarinnlegg, fortel han.

Ingen band

– Vi kjende kvarandre ikkje frå før, så dette har vore spennande. Det vi sjølvsagt òg har til felles er at vi ønsker Kinn kommune velkommen. Vi har ingen band til verken kommuneadministrasjon, næringslivet eller politikarar, understrekar han.

Det er administratorane, saman med to personar som hjelper til med tips og innhald, som samla bestemmer kva som kjem ut på sida, avsluttar Svoren.

Artikkeltags