Han blir ordførarkandidat i Kinn

TOPP TRE: fv. Kjell-Magne Kvalheim, Miriam Nesje, Frank Willy Djuvik.

TOPP TRE: fv. Kjell-Magne Kvalheim, Miriam Nesje, Frank Willy Djuvik. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Kinn Frp har hatt nominasjonsmøte, og har vald to florøværingar til å toppe lista.

DEL

Kinn FrP gjennomførte nominasjonsmøte 14. februar, og har vald Frank Willy Djuvik (39) frå Florø til sin ordførarkandidat.

Djuvik er gift, har tre barn, og har bakgrunn som fiskar i Ervik Havfiske, butikksjef i Lidl og Avdelingssjef i ISS. Dei siste ti åra har han vore heiltidspolitikar på Fylkestinget i Sogn og Fjordane, der han tidlegare satt i Hovedutval for samferdsle og Fylkesutvalet, og dei siste 3 åra har han leia det fylkeskommunale kontrollutvalet.
 

Djuvik har dei siste sju åra vore gruppeleiar for Framstegspartiet i Flora bystyre, og sit i formannskapet. Han er og gruppeleiar for FrP på Fylkestinget, og er 5. kandidat for FrP til Fylkestinget i nye Vestland fylkeskommune.

- Eg er svært glad for den tilliten Kinn FrP har gitt meg til å fronte Fremskrittspartiet sine politiske løysingar i Kinn kommune, og eg gler meg til å ta fatt på valkampen i heile kommunen. Ein ny kommune treng og ein ny politikk, og det som gjer det spesielt spennande å stille til val i Kinn, er at vi har muligheten til å sjå på nye politiske løysingar og ikkje gå opp att i gamle opptråkka spor, seier Djuvik.

- Kanskje er Kinn kommune den raraste kommunen i Norge, men det er og den mest spennande og den med dei største moglegheitene. Kystlinja vår med næringsaktivitet frå petroleum og skipsfart, via havbruk og fiskeri til industri, handel og service gjer oss eit vekstpotensiale som vi no kan utvikle betre enn vi kunne kvar for oss, meiner han.

- For FrP vil dei viktigaste sakene i neste periode være å bygge den nye kommunen etter nokre grunnleggjande politiske prinsipp. Kvalitet i tenestene gjennom å satse på dei tilsette, verdighet i tenestene ved å auke valfridomen og brukarmedverknaden, attraktivitet for kommunen gjennom effektive prosessar, kompetanse og låge skattar og avgifter, seier Djuvik.

På andreplass er Miriam Nesje frå Florø. Ho har erfaring frå bystyret i Flora. På tredjeplassen finn ein Kjell-Magne Kvalheim frå Vågsøy, og på fjerde Bjarne Holme frå Florø, også han med erfaring frå kommunepolitikken i Flora.

Valliste for Framstegspartiet i Kinn Kommune:
01. Frank Willy Djuvik (ordførarkandidat)
02. Miriam Nesje
03. Kjell-Magne Kvalheim 
04. Bjarne Holme
05. Martin Inge Eikås
06. Else Marie Hammerseth
07. Rolf Grønnevik 
08. Daniel Holme
09. Ramona Djuvik
10. Runar Silden
11. Tom Helge Faye
12. Erli Trollebø
13. Sølve Helle
14. Werner Stubhaug
15. Sølvi Nybakk
16. Ronny Mobakken

Artikkeltags