I kveld blir det fakkeltog for folkerøysting

Fredrik Egeberg, Kinn kommune-skeptikar frå Måløy.

Fredrik Egeberg, Kinn kommune-skeptikar frå Måløy. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Onsdag 31. januar vert det arrangert fakkeltog i Måløy, for å markere at ein ønsker folkerøysting om Kinn kommune.

DEL

Torsdag 1. februar skal Vågsøy kommunestyre avgjere om det blir folkerøysting om Kinn kommune.

Det er framleis usikkert kva veg fleirtalet vil vippe, då Vågsøy Høgre framleis ikkje har bestemt seg.

Fredrik Egeberg, som står bak underskriftsaksjonen for folkerøystinga, arrangerer difor onsdag kveld eit fakkeltog.

- Onsdag blir det fakkeltog i Måløy for å markere at vi ønsker avstemming om Kinn. Det blir appell og vi inviterer dei politiske partia til å komme og fortelle sitt syn på om dei vil eller ikkje vil ha avstemming i dette viktige spørsmålet. Møt opp!, oppfordrar Egeberg på Facebook.

Det er 43 som er påmeldt Facebook-hendinga, 78 som er interesserte, og 1092 er inviterte.

Vågsøy Høgre hadde møte tysdag kveld. Der diskuterte dei for eller imot ei slik folkerøysting. Men partiet klarte ikkje å konkludere, og treng meir betenkningstid før dei seier ja eller nei. Det melder Fjordenes Tidende.

Tok de for mye Møllers Tran?

Vågsøy og Flora i Kinn 

Om Kinn kommune og folkeavstemming i Vågsøy - svar til Olav Sølvberg

Artikkeltags