Blir det Kinn? Blir det tvang? I dag kjem tilrådinga frå Fylkesmannen

FORHANDLARANE: Desse deltok i forhandlingane måndag denne veka; Flora-rådmann Terje Heggheim, Vågsøy-rådmann Knut Ove Leite, HTV Fagforbundet Vågsøy Ingunn Frøyen, Flora-politikar Hanne Husebø Kristensen (H), Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap), Vågsøy-politikar Edvard Iversen (V), Flora-ordførar Ola Teigen (Ap), Flora-politikar Jacob Nødseth (SL), Ungdommens bystyre-representant Tomas Haugnes, ungdomsordførar i Flora Njål Eliasson og HTV i Fagforbundet i Flora Wenke Kvalvik. Foto: Linda Regina Bruvik

Artikkelen er over 3 år gammel

Torsdag skal fylkesmann Anne Karin Hamre tilrå vegen vidare for Flora, Vågsøy og Kinn kommune.

DEL

Politikarane i Flora og Vågsøy har som kjent vedteke samanslåing til Kinn kommune:

Vågsøy vil ha Flora   Her vedtar bystyret samanslåing

Vegen vidare no er opp til Fylkesmannen, Kommunalministeren og Stortinget.

Torsdag klokka 12 kjem tilrådinga frå Anne Karin Hamre. Den tilrådinga går så vidare til kommunaldepartementet for handsaming i samband med kommuneproposisjonen, som skal leggast fram for vedtak i Stortinget i juni.

- Etter at kommunane Flora og Vågsøy har gjort gjensidige vedtak om samanslåing, kjem vi til å utarbeide eit tillegg om vurdering og tilråding for kommunestrukturen i fylket til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dette blir lagt ut på vår nettside torsdag 20. april kl. 12.00, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Firdaposten har førespurd Fylkesmannen om å få delta på telefonmøtet, men fekk som svar at det var lukka og unnateke offentlegheita.

Telefonmøte

Ordførarane frå Flora og Vågsøy er på morgonen i telefonmøte med Fylkesmannen.

– Vi skal ha eit telefonmøte med Fylkesmannen på morgonen. Dette blir spennande, så eg håper verkeleg at Fylkesmannen seier ja til noko som to kommunestyre har vedtatt, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) til NRK Sogn og Fjordane.

- Eg trur dette vil vere ei positiv tilråding. Det er mi klare forventning at Hamre vil seie ja, seier Flora-ordførar Ola Teigen til NRK.

Bremanger er kalla inn

Også Bremanger kommune, ved ordførar Audun Åge Røys, er kalla inn til telefonmøtet med fylkesmannen.

- Vi er veldig spente, men eg håpar dei respekterer vårt syn om å stå aleine. Men det er aldri eit godt teikn å bli invitert til eit slikt møte så tett opp til Fylkesmannen si innstilling, seier Røys til NRK.

LES OGSÅ:

– Vi må truleg vente lenger på svaret frå ministeren 

Friarane lokkar meir på Vågsøy

Florø vil dele kommunesenteret

- Vågsøy har sagt ja på feil grunnlag  

  - Bremanger risikerer å misse tenester

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken