Nødseth vil ikkje erstatte Broberg

Jacob Nødseth

Jacob Nødseth Foto:

– Vi må vurdere å ikkje tilsette ein ny assisterande rådmann.

DEL

Det seier Jacob Nødseth (V) i ein e-post til Fellesnemnda i Kinn.

– Eg viser til nyheitssak om at fungerande rådmann i Flora kommune, Knut Broberg, som var tilsett i stillinga som assisterande rådmann i Kinn kommune, no er innstilt som tingrettsdommar i Sogn og Fjordane tingrett. Eg legg til grunn at stillinga som assisterande rådmann med det er ubesatt. Slik eg ser det må det vurderast å ikkje tilsette ein ny person i denne stillinga, seier Nødseth.

– Dersom prosjektrådmannen meiner det er naudsynt med ein fast assisterande rådmann, bør denne funksjonen i så fall gå til ein av dei allereie tilsette kommunalsjefar som får dette som del av sin portefølje, meiner han.

Han grunngir dette med dei økonomiske forholda i Kinn kommune, behovet for å vise meir måtehald i toppleiinga, ein topptung administrasjon og at det bli administrative ressursar ledige etter samanslåinga, sidan ingen skal misse jobben i samanslåingsprosessen.

Han meiner saka må drøftast i Fellesnemnda, då den han stor betydning i mange dimensjonar.

Eg ber difor om at prosjektrådmannen ikkje foretar seg noko som forpliktar Kinn kommune til å tilsette i denne stillinga, før fellesnemnda har diskutert problemstillinga på førstkommande møte, skriv han.

– For ordens skuld presiserer eg at dette er ei drøfting der det må kallast inn vara for fellesnemndsmedlem Kristin Maurstad, som etter mi vurdering er klart inhabil i denne saka, gitt hennar tilsettingsforhold som kommunalsjef i Kinn kommune, avsluttar han.

Artikkeltags