– Vi manglar midten av kaka; Bremanger

DISKUSJONAR: Politikarar frå Flora og Vågsøy var samla i Florø tysdag. Fleire etterspurde dialog med Bremanger, mellom andre Torstein Hagen (t.h.) frå Venstre og Høgres Ingvar Torsvik Myrvollen (nr. to frå høgre).

DISKUSJONAR: Politikarar frå Flora og Vågsøy var samla i Florø tysdag. Fleire etterspurde dialog med Bremanger, mellom andre Torstein Hagen (t.h.) frå Venstre og Høgres Ingvar Torsvik Myrvollen (nr. to frå høgre).

Er det berre eit tidsspørsmål før Bremanger blir ein del av Kinn? Det trur enkelte av politikarane i Vågsøy og Flora.

DEL

Mange brikker begynner no å falle på plass i arbeidet med Kinn kommune. Tysdag fekk helse- og oppvekstpolitikarar frå Flora og Vågsøy presentert den nye organiseringa av desse to områda i den nye kommunen.

Her kom på nytt spørsmålet om Bremanger kommune opp.

– Kva med Bremanger? Lagar vi eit alternativ b i organiseringa her, i tilfelle dei kjem for å vere med, var det ein som spurde.

Administrasjonen avkrefta at det var eit omsyn dei tok. Ein lagar organiseringa ut frå dei to kommunane som er med i samanslåinga.

– Manglar midten

– Men det er jo ikkje noko i vegen for at administrasjonen inviterer og tilrettelegg for Bremanger i ulike samanhengar. Det kan dei godt gjere, meinte Ingvar Torsvik Myrvollen (H).

– Vi manglar midten i kaka; Bremanger. Det eg hadde håpa på, var at dei kommunale tenestene våre kunne vere proaktive i forhold til Bremanger. Det er berre eit tidsspørsmål før Bremanger kjem med. Jo meir vi speler på lag med Bremanger no, jo betre blir forholdet, og til slutt blir dei med i Kinn, meinte han.

Partifelle Arlene Vågene (H) meinte at ein har meir enn nok med seg sjølve, og at Kinn klarer seg bra utan Bremanger.

– Slik eg ser det har vi meir enn nok med å plassere og organisere Kinn på dette tidspunktet. Det er det beste grunnlaget vi kan lage for at Bremanger kanskje får lyst til å vere med seinare. Lagar vi det attraktivt nok, så kjem dei kanskje på sikt. Organiserer vi oss slik at det er bra for våre innbyggarar, så er det jo også bra for Bremanger sine innbyggarar i neste omgang. Vi må klare oss på eiga hand – og vi gjer det godt, vi klarer oss sjølve. Det er heller ikkje vi som skal tvinge dei inn, det er det andre som eventuelt må gjere, meinte Arlene Vågene (H).

– Ytre vil med

Torstein Hagen i Vågsøy Venstre påpeika at det er ein del i Bremanger som ønsker å bli med i Kinn:

– Det er mange i Bremanger som avventar no, mens Kinn riggar seg og har nok med seg sjølve. Det er vel ingen hemmelegheit at ytre Bremanger er illsinte og vil vere med i Kinn. Alle som har besøkt Kalvåg har vel fått med seg det, sa Hagen.

– Bremanger har sagt at dei vil greie seg best sjølve. Vi har høyrd om ulike meiningar i ytre, og viss ytre Bremanger vil vere med oss, så har dei oppskrifta på korleis dei kan gjer det. Fordelingane som no skjer mellom vågsøy og Flora, dei blir slik. Vi kan ikkje drive med omorganisering kvart einaste år, slo Lasse Seim i Venstre fast.

Artikkeltags