Frode (34) er ny teknisk sjef i Kinn – flyttar heim med sambuar og to små barn

Ein annonse i avisa fekk Frode og sjukepleiar-sambuaren til å kontakte Flora kommune for å høyre om jobbmoglegheiter. Resultatet? Ein familie på fire flyttar til Florø, og Kinn kommune får både ny teknisk sjef, ein sjukepleiar i eldreomsorga og to nye barnehagebarn.