Desse har fått leiarjobbar i Kinn

Vidar Vårdal blir tenesteleiar for Kinn bygg og anlegg.

Vidar Vårdal blir tenesteleiar for Kinn bygg og anlegg. Foto:

Det er no tilsett ein rekke tenesteleiarar i Kinn kommune.

DEL

Prosjektrådmann Terje Heggheim har gjort ein rekke nye tilsettingar i Kinn kommune.

– Eg gratulerer alle og ønsker lykke til med nye og spennande utfordringar, skriv han i eit av fredagsbreva sine.

Tove Lill Refvik Volle frå Raudeberg er tilsett som reinhaldssjef i Kinn. Reinhald og praktisk bistand i heimen blir ei eiga teneste, slik Vågsøy har organisert dette i nokre år. Volle får ansvaret med å innføre denne ordninga i heile kommunen.

Vidar Vårdal er i dag leiar for Flora bygg og eigedom. Når vi frå nyttår vert Kinn kommune, får han det daglege ansvaret for Kinn bygg og anlegg, som tenesteleiar.

Hilde-Gunn Hatlenes er tilsett som lønningssjef i Kinn. Ho har tilsvarande stilling i Flora kommune i dag, og har tidlegare jobba i Fjord1.

Ny teknisk sjef

Så har Kinn kommune endeleg lukkast i å rekruttere ein ny teknisk sjef, etter andre gongs utlysing.

Frode Ellingsund er no tilsett i denne stillinga. Han er frå Florø, og er utdanna ingeniør.

– I dag arbeider han i Vanylven kommune, med eigedom, hamn, næringsutvikling med meir, skriv prosjektrådmann Terje Heggheim.

Ellingsund tek til i stillinga 1. september, men tek ikkje over driftsansvaret for 1. januar 2020.

Leiarar i omsorg

Evy Bjørnseth frå Florø er tilsett som tenesteleiar for heimeteneste avdeling Krokane i Kinn kommune. Ho har denne stillinga i Flora kommune i dag.

Anne Grete Sagen er tilsett som tenesteleiar i heimetenesta i Havreneset i Florø. Ho kjem frå ei stilling i omsorgsadministrasjonen i Flora kommune.

Guro Kvalsund har fått stillinga som tenesteleiar for heimetenesta i Florø sentrum. Ho har tilsvarande stilling i Flora kommune i dag.

(Saka held fram under bildet)

Guro Vik Kvalsund

Guro Vik Kvalsund

Tanja Løvseth er tilsett som tenesteleiar for miljøtenesta Jacob Sandeveg. Ho kjem frå stillinga som avdelingsleiar for Bu- og miljøteneste 3 i Flora kommune.

Linda Lundebrekke får stillinga som tenesteleiar for avlasting, Miljøhuset. Ho er i dag avdelingsleiar for Bu- og miljøteneste 1.

Andre nytilsette tenesteleiarar:

  • Marte Aarberg, miljøtenesta, Kinnvegen/Kyrkjeparken i Florø
  • Linn Einebærholm, miljøtenesta Skridsholsgt. i Florø
  • Rakel Garnes, miljøtenesta i Måløy

Blir leiar for heile omsorgssenteret

På Flora omsorgssenter er leiinga omorganisert. Tidlegare var det ein avdelingsleiar i kvar etasje, no blir det ein tenesteleiar for heile omsorgssenteret.

Denne jobben har Janne Berstad fått. Ho kjem frå jobben som avdelingsleiar for 1. etasje på same stad, men har no fått ansvar for heile omsorgssenteret ved Likkjevatnet i Florø.

Edith Aarebrot Madsen, som tidlegare var avdelingsleiar i 2. etasje på Flora omsorgssenter, er tilsett som tenesteleiar for heimetenesta avdeling Eikefjord.

Janne Berstad (t.h.) og Edith Aarebrot Madsen (t.v.).

Janne Berstad (t.h.) og Edith Aarebrot Madsen (t.v.). Foto:

Artikkeltags