Fekk avklaringar om Kinn-økonomien

MØTTE MINISTEREN: Leiar i Fellesnemnda, Jan Henrik Nygård (V), Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (AP), ordførarkandidaten til Høgre, Morten Hagen, ordførarkandidaten til FrP, Frank Willy Djuvik og kommunalsjef for økonomi i nye Kinn kommune, Linda Mæland Nipen møtte kommunalminister Monica Mæland.

MØTTE MINISTEREN: Leiar i Fellesnemnda, Jan Henrik Nygård (V), Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (AP), ordførarkandidaten til Høgre, Morten Hagen, ordførarkandidaten til FrP, Frank Willy Djuvik og kommunalsjef for økonomi i nye Kinn kommune, Linda Mæland Nipen møtte kommunalminister Monica Mæland. Foto:

Ein delegasjon frå Kinn kommune møtte onsdag kommunal og moderniseringsminister Monica Mæland for å diskutere uklare økonomiske føresetnader for Kinn kommune.

DEL

Med på møtet var leiar i Fellesnemnda, Jan Henrik Nygård (V), Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (AP), ordførarkandidaten til Høgre, Morten Hagen, ordførarkandidaten til FrP, Frank Willy Djuvik og kommunalsjef for økonomi i nye Kinn kommune, Linda Mæland Nipen.

Det har vore uklart korleis grensejusteringa av Bryggja ville påverke økonomien i Kinn. Det har vore fleire påstandar om at dette ville medføre negative økonomiske konsekvensar for kommuneøkonomien etter samanslåing.

Statsråden påpeika i møtet at føresetnaden frå departementet er at dette ikkje skal påverke økonomien verken negativt eller positivt.

Svært nøgd med møtet

Statsråden meinte også det var fornuftig å kople inn fylkesmannen i prosessen med oppgjeret mellom Selje/Eid og Vågsøy, og hadde tru på ei løysing. Om nødvendig vil ein nytte ei skjønnsnemnd og ei eventuell overskjønnsnemnd for å fastsette oppgjeret mellom kommunane.

Leiar i fellesnemnda, Jan Henrik Nygård, seier han er svært nøgd med møtet, og avklaringane frå statsråden.

– Vi møtte stor forståing for situasjonen til Kinn, og vi opplevde at vi både fekk gode råd og viktige avklaringar for det vidare arbeidet med økonomien i Kinn kommune, seier han.

– Eg er veldig positivt overraska

Frank Willy Djuvik (Frp) deltok også på møtet, og han er overraska over dei konkrete svara dei fekk.

– Eg er overraska over kor tydelege dei var i svara. Vanlegvis er departementa og ministrane veldig vage i slike møter, men eg følte dei var i overmåte konkrete, seier Djuvik til Firdaposten.

– Vi peika på at vi misser 31 millionar i inntekter når Bryggja forsvinn ut av kommunen. Ministeren var då heilt tydeleg på at inntekter og utgifter etter grensejusteringa skal gå i null. Vi skal ikkje tape på det, seier han.

Dei var også villige til å sjå på andre både små og store faktorar som kan slå negativt ut for Kinn. Det betyr at budsjettprosessen no ser ein god del lysare ut.

– No har vi henta inn ganske mykje allereie, eg meiner det var ein effekt på rundt 20 millionar i budsjettet. Det er veldig positivt, og det forbetrar jobbinga med Kinn-økonomien utover hausten betrakteleg. Vi spurte konkret om vi kunne legge dette til grunn i budsjettet vårt, og svaret var ja, seier Frp-politikaren.

Differensiert arbeidsgjevaravgift

Eit anna spørsmål som delegasjonen frå Kinn var oppteken av, var korleis ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift skal handterast for den samanslegne kommunen.

Mæland opplyste om at dette var ei svært viktig sak, som regjeringa jobba aktivt med, for å sikre best mogleg rammevilkår for næringslivet i heile landet.

Dette er eit krevjande arbeid, men regjeringa sitt utgangspunkt er at næringslivet ikkje skal påførast auka kostnader i forhold til dagens situasjon.                         

Mæland uttrykte også på møtet at eventuelle utilsikta negative konsekvensar i inntektssystemet som følge av samanslåing som utgangspunkt skal løysast gjennom skjønnstilskot til kommunane gjennom fylkesmannen.

Artikkeltags