Gå til sidens hovedinnhold

Kinn kommune rustar seg for endå fleire turistar i år

Medan 2020 var katastrofe for mange typiske turistdestinasjoner, sette Kinn kommune rekord i besøk.

– Evalueringa frå i fjor tyder på at svært mange er positivt overraska over at kommunen vår har så mykje å by på og gjerne vil tilbake hit. Vi som innbyggarar, næringsliv og kommune, må bli flinkare til å legge til rette for gode opplevingar. Butikkar og serveringsstadar må ha ope når turistane kjem, og kapasiteten til stadar som Kråkenes, Kinn, Kannesteinen, Refvika og Svanøy må styrkast, skriv ordførar Ola Teigen i ei pressemelding.

Ved Kannesteinen og Kråkenes skal fartsgrensa ned, og ein byrjar å bygge møteplassar, snuplassar og etter kvart meir parkering. Neste år kjem sanitærbygg. På Kinn startar arbeidet med å få reint vatn og nytt nye toalett, og noko mange nok vil sette pris på, er at det vil vere godt breiband også ved Kinnakyrkja. Å styrke turistrutene til Svanøy og Kinn er også høgt på kommunen si ønskeliste.

Les også

Tre av fire går for norgesferie: - Fantastiske tal for oss!

Kinn kommune har fått tilbakemeldingar frå reiselivsnæringa på ulike tiltak som kan gjere oss enno betre som vertskap for turistane. Og for å styrke den kommersielle sida, vil kommunen engasjere Måløy Vekst til å koordinere nye satsingar innan reiselivsnæringa. Dette arbeidet er starta, og selskapet vil komme med brei informasjon i neste veke.

– Saman med Visit Fjordkysten vil vi samarbeide tett med å marknadsføre kommunen vår. Alt til påske vil ein sjå nasjonal annonsering for våre perler, skriv Teigen.

Les også

Byen er full av turistar og den store hiten er noko som er veldig kvardagsleg for oss som bur her

Kinn kommune har også vedteke at det skal satsast på eit berekraftig reiseliv. Kommunen er full av naturperler, men også dei kulturbaserte opplevingane skal dyrkast: Måløyraidsenteret, Kystmuséet, Vågsberget og helleristningane i Ausevik er viktige kulturberarar i tillegg til Kinn og Svanøy.

Kommunale næringsfond har òg opplevd ein stor auke i talet på søknadar som vil satse på reiseliv som næring, og neste veke blir det handsama fleire.

– I sommar vil vi garantert oppleve enno fleire tilreisande enn i fjor. Ta vel imot dei og gløym ikkje at mange også gjerne vil legge att pengar her hjå oss! lyder den optimistiske oppmodinga frå ordføraren.

Les også

Dette vil dei norske turistane oppleve i sommar. Og det er dette vi er gode på her vest

Kommentarer til denne saken