Regjeringa har slått fast at dei skal gjere det billegare å reise på kortbanenettet. Det gjer dei gjennom det dei kallar for FOT-rutene, der både setekapasitet og billettprisane er regulert.
På Florø lufthamn har det ikkje vore ordinære FOT-ruter sidan 2016, men frå 2024 vil strekninga Florø-Oslo oppstå på ny som FOT-rute. Bergen-Florø ser derimot ut til å bli verande kommersiell. Det betyr at det er etterspurnaden som avgjer tilbodet.
– Tidvis har dette betydd at første fly ut frå Florø har vore 09.40 og siste inn tidleg på ettermiddagen. Rutene har med andre ord vore tilpassa offshoretrafikken, ikkje dei lokale behova, skriv Kinn kommune i eit brev til samferdsledepartementet.
Kinn kommune er glade for at regjeringa vil gjere det billegare å reise på kortbanenettet, slik at både folk og næringsliv kan leve og bu i distrikta utan at dei økonomiske ulempene vert alt for store. Men dei meiner at også ruta Florø-Bergen må inkluderast blant FOT-rutene.
– Medan ein no vil halvere dyre billettprisar på kortbanenettet vil dei reisande framleis måtte betale 3329 kroner for ein fullprisbillett mellom Florø og Bergen. Dette er ikkje eit tilbod som vanlege folk eller lokalt næringsliv kan nytte, står det å lese i brevet.
Dei viser til Hurdalsplattformen som seier at ein skal «Sikre lågare priser og fleire avgangar på kortbanenettet», og skriv at kommersielle omsyn ikkje kan stå i vegen for at også ruta mellom Bergen og Florø vert tilgjengeleg for dei med normale lommebøker.
– Difor ber vi Samferdselsdepartementet straks gjere ei ny vurdering på korleis ein kan få ned prisane på heile kortbanenettet – også Bergen-Florø., avsluttar dei brevet.