Kinn kommune – kor er legitimiteten?

Ingunn Kandal, leiar i Raudt Sogn og Fjordane.

Ingunn Kandal, leiar i Raudt Sogn og Fjordane.

Av
DEL

MeiningarDet har visst falle Firdaposten tungt for brystet at Raudt vil ha oppløyst både Kinn og Sogn og Fjordane. Her er vårt saklege svar:

Regulering av kommunegrenser er ikkje noko nytt, og kommunane her i landet har variert både i tal og storleik. I januar 1838 var det 392 kommunar eller formannsskapsdistrikt i Noreg, og fram til 1930 auka dette til 747 kommunar. Grunngjevinga for dette var at ein ynskte større politisk deltaking!

Seinare fekk vi Schei-komiteen som foreslo fleire hundre samanslåingar kring 1964, og dei fleste av desse blei vedtatt gjennomført av Stortinget utan store protestar.

I 2013 varsla Solberg-regjeringa ei storstilt kommunereform, der talet på kommunar skulle reduserast frå 428 til om lag 100, og kommunane skulle minimum ha 15 000 – 20 000 innbyggjarar. I tillegg skulle det gjerast store endringar i oppgåvefordelinga mellom stat, fylke og dei nye kommunane. Det blei tydeleg framheva at kommunane skulle få nye oppgåver som små kommunar ikkje ville makte åleine.

Nokre samanslåingar ville kanskje vere fornuftige, men slett ikkje alle. Og korleis var det med legitimiteten? Fekk innbyggarane seie meininga si – og ville den bli tatt omsyn til?

Det å høyre til ein kommune er for mange ein viktig del av identiteten. Derfor måtte det vere viktig å gjennomføre ei folkerøysting for å sikre legitimiteten. I Vågsøy var det folkerøysting, og 60 % røysta mot samanslåing med Flora. I kommunestyret var det 12 mot og 15 for samanslåing med Flora. Kva skulle telje mest – folkemeininga eller lokalpolitikarane sitt syn? - Kanskje var det slik at folket ikkje visste sitt eige beste?

Flora hadde rådgjevande folkerøysting i 2016 – men den gjekk på samanslåing med ein eller fleire kommunar i Sunnfjord. Over 70 % røysta nei til samanslåing med Sunnfjord, men valdeltakinga var låg – berre litt over 40 %.

Deretter blei det sonderingar med Vågsøy, og det blei laga intensjonsavtale for samanslåing. Kanskje bystyret tok skrekken og ikkje vågde å spørje folket til råds ein gong til? Resultatet var at 6 av 35 stemte mot samanslåing med Vågsøy til Kinn kommune.

Det må vere lov å stille spørsmål ved denne kommunesamanslåinga; to kommunar som ikkje eingong har felles grense og som må ha to kommunesenter? Kanskje håpa dei at «rike» Bremanger også skulle bli med? Då hadde iallfall kommunane hengt i hop.

Inntil vidare får vi vente i spaning på dei nye oppgåvene som Solberg-regjeringa har varsla. Vi har ikkje sett så mykje til dei til no, og pengar følgjer neppe med. Kinn må oppløysast!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags