Dei nye og strengare tiltaka for å hindre koronasmitte som kom 25. mars, set også sitt preg på Kinn sine kommunale publikumstenester.
Kommunen har no stengt alle kontor for publikumskontakt. Dermed er det telefonen, epost og post som gjeld, om du treng å kommunisere med nokon i dei ulike fagetatane, eller servicekontoret.
- Det vil bli gjort nye vurderingar innan 12. april, etter at sentrale styremakter har vurdert smittesituasjonen på ny, skriv kommunen på eigne heimesider.
Når det gjeld posar til renovasjon/matavfall, kan du hente slike ved inngangen til servicekontora. I Måløy finn du dette ved inngangspartiet ved heisen i Sjøgata 1. I Florø hentar du ved servicekontoret sin inngang frå Strandgata-sida.
Du kan også nytte kommunens postkassar som er utplassert ved servicekontoret og ved trappeoppgangen i Gate 1.
Posar til renovasjon
Plastsekkar til matavfall og plastavfall kan du hente
Kommentarer til denne saken