Gå til sidens hovedinnhold

Kinn kommune – ein kommune å flytte heim til?

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Eg har i dei seinare åra arbeidd som lærar i skular i Ørsta og Stad kommune, tidlegare også andre plassar. No er eg i ferd med å ferdigstille min master i litteratur ved Høgskulen i Volda. Etterkvart hadde eg tenkt å flytte heim til heimkommunen min, der eg har tilhøyrsle. No i det siste har eg vore veldig usikker på om Kinn kommune er ein kommune å flytte heim til.

Eg har registrert at politikarar i Kinn ønskjer å leggje ned tilbod som er viktige for unge kvinner og familiar i distrikta.
For meg er distriktskulen viktig. Ein slik skule er det eg ønskjer for mine born i framtida, men kor skal eg då flytte når skulen er lagt ned?

Det er viktig for meg som er i etableringsfasen å ha dette tilbodet å kome heim til. Eg ber derfor politikarane i Kinn om å tenkje seg nøye om: er distrikta i Kinn noko å satse på for oss unge i etableringsfasen?

Er Kinn kommune ein kommune å flytte heim til?

Les også

Der det er vilje, der er det veg, straum, breiband og skule

Les også

Skuffa over kommunedirektør og posisjonen!

Les også

Skulesaka i Florø: Har ikkje styringspartia lært noko av feila som blei gjort i Vågsøy?

Kommentarer til denne saken