Kinn har oppretta to hjelpetelefonar: – Mange er skremde over situasjonen vi er i. Dei treng nokon å snakke med

KRISETELEFON: Kinn kommne opprettar to hjelpetelefonar: Ein for praktisk hjelp, og ein dersom du treng nokon å snakke med. T.v.: Tenesteleiar Erik Onstad i Kinn psykisk helse og rus, rådgjevar Jorunn Bakke Nydal og psykiatrisk vernepleiar Veronika Bruvik i Kinn psykisk helse og rus.

KRISETELEFON: Kinn kommne opprettar to hjelpetelefonar: Ein for praktisk hjelp, og ein dersom du treng nokon å snakke med. T.v.: Tenesteleiar Erik Onstad i Kinn psykisk helse og rus, rådgjevar Jorunn Bakke Nydal og psykiatrisk vernepleiar Veronika Bruvik i Kinn psykisk helse og rus. Foto:

FLORØ: Ein telefon for praktisk hjelp, ein annan om du treng nokon å snakke med.

DEL

Den spesielle situasjonen vi er oppe i har gjort at Kinn kommune i samarbeid med Frivilligsentralen og frivillige organisasjonar har oppretta to nye hjelpetelefonar: Ein telefon du kan ringe om du sit i karantene og treng praktisk hjelp, og ein dersom du treng nokon å snakke med.

Stort behov

– Vi veit at behovet for begge telefonane er der. Vi er no i ein situasjon vi ikkje har vore borti tidlegare, og det er mange som kjenner på uro og uvisse eller er redde for det som skjer, seier rådgjevar Jorunn Bakke Nydal i helse- og velferdsavdelinga i Kinn kommune.

Og dette gjeld unge som eldre. For nesten over natta blei dei sosiale deltakinga vi er vande til, kanskje via jobben eller på fritida borte vekk. Vi sit alle på heimekontor, eller har skule heime. Fritidsaktivitetane er avlyst inntil vidare; både organisert trening og kulturelle aktivitetar frå korøving til konsertar. Mange kjenner på einsemd, andre kjenner på frykt.

– Det er folk i Kinn som har isolert seg, fordi dei er redde for å smitte andre. Andre isolerer seg fordi dei er redde for å bli smitta. Så ja, vi tenker det er viktig at vi kan tilby ein telefon der du kan snakke med nokon om dei tunge tankane som oppstår under ein sånn situasjon. Telefonen er det kompetente folk i avdelinga for psykisk helse og rus som tek seg av, og du snakkar med dei anonymt, presiserer Nydal.

Praktisk hjelp

I tillegg er det folk i Kinn som ikkje har nokon som kan hjelpe dei med praktiske ting. Der opprettar kommunen eit telefonnummer du kan ringe for praktisk hjelp.

– Til dømes; om du sit i karantene, eller det er andre ting som gjer at du til dømes ikkje kjem deg ut for å handle mat eller apotekvarer, kan du ringe denne hjelpelinja. Her står både kommunen, Frivilligsentralen og folk frå dei frivillige organisasjonane i kommunen klar til å hjelpe deg, seier Nydal.

Telefonnummeret for praktisk hjelp:

Tlf. 97991802

Samtale-telefonen:

Måløy: 97042642

Florø: 95710073

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken