Gå til sidens hovedinnhold

Kinn har fått nok: Seier nei til å drive gratisarbeid for fylket

Kinn kommune har varsla om at dei no vil slutte å vedlikehalde og levere gratis straum til lysstolpar på fylkeskommunale vegar.

Det er Måløy 24 som melder dette.

Ifølgje kommunalsjef Rolf Bjarne Sund har rekninga for vedlikehald og drift av lysanlegg på fylkeskommunale vegar i Kinn, hamna på kommunen sitt bord.

Slik blir det ikkje i framtida.

Administrasjonen i Kinn vil no ha eit møte med fylket for å få til endringa, men dei har sjølve uansett slått fast at frå 1. august vil det vere stopp for kommunen sin del. Då kuttar dei vedlikehald og seier om straumabonnementa for dei aktuelle strekningane.

Les også:

2000 gatelys i Flora skal skiftast på fire år

Dei største problemområda per no ligg i gamle Vågsøy, der kommunen tidlegare tok lysansvaret gratis for fylket.

- Dette utgjer ein betydeleg kostnad for kommunen, fordi anlegga mange stadar er i dårleg teknisk stand og treng rehabilitering, seier Sund til Måløy 24.

Kommentarer til denne saken