"Kinn kommune har hatt ei sterk positiv utvikling i Kommune-NM sidan 2017 (datagrunnlag frå dei to gamle kommunane Flora og Vågsøy). Men med plass nummer 105 har kommunen likevel eit stykke opp tiltoppen i årets Kommune-NM", heiter det i pressemeldinga.

Positiv kompetanseutvikling

Kinn kommune gjer det godt i kategorien næringsliv i kåringa. Her er kommunen nummer åtte i fylket, og gjer det særleg godt på næringslivsvariasjon, der vi ligg på topp i Vestland fylke, og fjerde best i landet. I følgje pressemeldinga lovar dette særleg godt for framtidig grøn omstilling.

Regiondirektør Karin Berg i NHO Vestlandet seier at organisasjonen heiar på framgangen Kinn har hatt dei siste åra.

Kommune-NM viser også at delen av sysselsette med høgare utdanning og fagbrev har auka i dei fleste kommunar i Norge - mest i distrikta. Kinn har også hatt ei positiv utvikling på kompetanse, og ligg over medianen i kategorien. Delen sysselsette med høgare utdanning i Kinn er stor samanlikna med kommunemedianen, mens delen sysselsette med fagbrev er noko lågare.

–Auka kompetanse vil hjelpe omstillinga til ei meir digital og grønare framtid. Det styrker også moglegheitene for innovasjon, og dermed meir effektiv utnytting av ressursane, påpeikar regiondirektøren.

Negativ demografisk utvikling

På landsbasis utgjer dei over 80 år no nær sju prosent av alle personar i arbeidsfør alder. Dette talet vil auke framover. I over 100 kommunar vil dei over 80 år i 2040 utgjere meir enn 20 prosent av den arbeidsføre befolkninga.

Kinn følgjer denne trenden med negativ demografisk utvikling prega av netto utflytting og negativ befolkningsvekst.

– Kinn er avhengige av å vere framleis vere ein næringsvennleg kommune, slik at vi kan halde fram med å skape vekst og utvikling i regionen vår. For det er bedriftene som gir lys og liv til by og bygd, avsluttar Berg.

Kritiske røyster har hevda at kriteriane i denne målinga handlar om kvar dei ligg og i kva grad dei fører NHO-politikk. "Kommunane blir målte på kor ofte dei kjøper tenester frå det private, om dei har låg eigedomsskatt på næring og mykje anna", skriv mellom anna BT-kommentatoren Jens Kihl på Facebook.

Heilt i botnen av kåringa finn vi sju nordnorske kommunar, medan Sola, Bærum og Oslo er dei som skårar best. NRK har intervjua Torhild Haugann, ordførar i Vevelstad kommune, som ligg nest nedst på lista. Ho seier det sjølvsagt ikkje er hyggeleg lesestoff, men tek likevel ikkje kåringa så tungt:

– Eg trur til sjuande og sist at handlingar er det folk ser og legg til grunn når dei skal ta ei avgjersle – ikkje ei analyse fra NHO. Sjølv om vi kjem langt ned på denne lista så leverer vi veldig gode tenester.