Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Kinn Ap gjekk til val på å bygge Kinn kommune etter at Stortinget vedtok den nye kommunen.
Vi har heile vegen vore tydelege på at vi skal utvikle, ikkje avvikle. Vi har og meint at vel to år er for kort tid til å evaluere ei kommunesamanslutning. Difor har vi motsett oss nye røystingar om kommunen skal halde fram eller ikkje.
Eit fleirtal i kommunestyret har likevel vedteke at det skal settast i gang ein prosess om deling. I Kinn kommune skal innbyggarane høyrast gjennom ei folkerøysting.
Når alle kommunen sine innbyggarar er invitert til å kome med sitt syn på deling, må også alle si stemme telje. Konsekvensar av ei mogleg deling vil ramme alle, og difor må vi også lytte til alle.
Bakgrunnen for at Kinn Ap gjekk til val for Kinn kommune var at vi ynskte å skape eit tyngdepunkt på kysten av gamle Sogn og Fjordane som kunne styrke vår region.
Vi som bur og arbeider her på kysten har eit behov for tilrettelegging av infrastruktur og betre kommunikasjonar. Slik skaper ein bulyst og næringslivet kan utvikle seg. Vi har flinke folk, naturressursar, energi, fisk, industri, innovative kompetansemiljø.
Kinn kommune er etablert og kommunen fungerer godt. Vi bur no i den 8. største kommunen i Vestland fylke. Det er en posisjon som må nyttast til å utvikle oss vidare, ein posisjon vi vil miste ved ei deling.
Vi er godt i gang med å bygge ein sterkare kommune som støttespelar for utvikling, for næringslivet og som gir gode tenester til innbyggarane. Det er allereie skjedd mykje positivt i nye Kinn Kommune, og det berre på vel 2 år! Det skal gode grunnar til å bruke 10-tals millionar og det meste av utviklingskraft dei komande åra på ei deling.
Torsdag 1. september skal innbyggarane seie sitt om enten deling eller å halde fram som ein kommune. Kinn Ap vil legge til grunn det samla resultatet for Kinn kommune når vi skal handsame delingssaka i kommunestyret.
Ei stemme er ei stemme og like viktig uansett kor i Kinn ein bur. Godt val!