Med grunngiving i koronasituasjonen har kinesiske styresmakter varsla nye krav til helsesertifikat for importert sjømat til landet.

Mattilsynet sende ut varsel om dei nye krava frå Kina fredag. Reglane som skjerpar krava, skal eigentleg gjelde frå 1. januar, men Mattilsynet skriv at dei allereie no har inntrykk av at kinesiske styresmakter krev at heile produksjonskjeda skal vere listeført for eksport og har bede om ei avklaring frå styresmaktene i landet.

Det blir åtvara mot å eksportere sjømat frå leverandørar som ikkje er listeførte.

– Det er svært viktig at eksportørane er i tett dialog med kunden sin /importør i Kina dersom dei vel å eksportere til Kina no. Det kan vere risikabelt per dags dato å eksportere sjømat frå fiskebåtar, fraktbåtar og frittståande lager som ikkje er registrerte i Kina, skriv Mattilsynet.

I september skreiv kinesiske tollstyresmakter ut nye krav til sjømat for å verne landet mot ny koronasmitte overført via rå mat.

Noreg har, ifølgje Noregs sjømatråd , eksportert sjømat til Kina for 3,6 milliardar kroner hittil i år, ein nedgang frå 4,74 milliardar på same tid i fjor. Landet er den tiande største eksportmarknaden for norsk sjømat.

(©NPK)