Bur innvandrarane framleis her?

KJENT: Arild Melvær og professor Berit Berg er gamle kjenningar. Her frå sist Berg forska på innvandring i Flora for nokre år sidan. Arkivfoto: Olav Hatlemark

KJENT: Arild Melvær og professor Berit Berg er gamle kjenningar. Her frå sist Berg forska på innvandring i Flora for nokre år sidan. Arkivfoto: Olav Hatlemark

Artikkelen er over 3 år gammel

FLORØ: NTNU får ein million kroner for oppdraget med å forske på korleis det har gått med innvandrarane som har vore busette i Flora.

DEL

Fram til 1. oktober skal ei gruppe leia av professor Berit Berg frå Norges teknisk-naturvitenskapelige Universitet (NTNU), intervjue og skrive rapporten om kvar alle dei 350 innvandrarane som har teke introduksjonskurset i Florø i perioden frå 2004 til 2014 er blitt av.

Kjenning

Berg leia også den førre store utgreiinga som vart gjort om innvandrarane sin situasjon i Flora kommune i 2012.

– Vi veit at om lag 100 av dei 350 vi har hatt gjennom introduksjonsprogrammet sidan 2004 har flytta frå byen. Elles har vi lite systematisert kunnskap om kva dei gjer og korleis det har gått med dei, seier dagleg leiar for KF innvandrarsenteret i Flora, Arild Melvær.

Nyttast vidare

Saman med Siri Jansen frå innvandrarsenteret, styreleiar Ronny Cassels og innkjøpssjef i Flora kommune Arve Klokk, valde Melvær NTNU-prosjektet som det beste blant åtte tilbydarar. For kommunen og innvandrarsenteret har det vore eit viktig poeng at kunnskapen som kjem fram skal kunne takast vidare, vidareutviklast og nyttast av kommunen. Dette gjorde utslag for valet av NTNU. Berg får med seg tre andre forskarar på laget frå NTNU.

I tillegg skal Silje Nybø frikjøpast frå innvandrarsenteret. Ho skal sikre at kommunens satsing skal takast vidare i eit kompetansesenter for innvandring i Florø. Nybø er utdanna sosialantropolog og har i dag ei rådgjevarstilling på innvandrarsenteret. Bystyret har løyvt vel 1,3 millionar kroner til prosjektet i år og mellom 500.000 og 600.000 kroner årleg vidare.

Artikkeltags