Gå til sidens hovedinnhold

Karianne blir fylkespolitikar i Vestland

Artikkelen er over 2 år gammel

Karianne Torvanger frå Florø har fått femteplassen på Vestland Ap si fylkestingsliste.

Søndag valde Vestland Ap sine fylkestingskandidatar til haustens val, under nominasjons- og programmøtet.

På topp ti er det tre kandidatar frå Sogn og Fjordane, og det er tre erfarne fylkespolitikarar; Arve Helle frå Fjaler, Karianne Torvanger frå Florø og Kinn kommune, og Torbjørn Vereide frå Gloppen.

Torvanger har sitte på fylkestinget i Sogn og Fjordane i tre periodar, og er i dag leiar i Opplæringsutvalet på fylket. Ho er også medlem av Flora bystyre, og leiar av Levekårsutvalet.


Valnemnda si innstilling til topp10 på Vestland Arbeidarparti si fylkestingsliste 2019-2023:

  1. Anne Gine Hestetun, Bergen
  2. Arve Helle, Fjaler
  3. Jannicke Clarke, Askøy
  4. Emil Gadolin, Bergen
  5. Karianne Torvanger, Kinn
  6. Stian Jean Opedal Davies, AUF
  7. Kine Bratli Dale, Bergen
  8. Torbjørn Vereide, Gloppen
  9. Nina Bognøy, Alver
  10. Rasmus Laupsa Rasmussen, Bergen

Åshild Kjelsnes: – Eg hadde lyst til å vere med og lære denne babyen å krabbe og gå.

Lengre nede på lista finn ein to kandidatar til frå Kinn, det er Helen Hjertaas frå Vågsøy/Kinn (23. plass) og Frode Kupen (66. plass).

Bjørnar Førde frå Bremanger er på 60. plass.

Kristin Maurstad, ordførar i Vågsøy og leiar i fellesnemnda for Kinn, er på ein 17. plass. Men på denne lista representerer ho Stad kommune, då grenda ho bur i vert grensejustert ut av Kinn og inn i nye Stad.

Les også

Tre sterke Ap-kvinner frå Florø, blir ikkje med i Kinn

 

Kommentarer til denne saken