Om heile den norske lakseproduksjonen vart superkjølt før transport, kunne næringa spart rundt 1,5 milliardar kroner årleg i transportutgifter.

Det går fram av tal i ein fersk rapport frå Nofima.

– Superkjøling eliminerer behovet for is i kassene, og gir dermed rom for meir laks i kvar kasse. Meir fisk i kassa reduserer transportbehovet, gir lågare energibruk og lågare kostnader til transport. Det gir også stor reduksjon i bruk av emballasje, seier Nofima-forskar Bjørn Tore Rotabakk i ei pressemelding.

Det er Forskingsfinansieringa til fiskeri- og havbruksnæringa (FHF) som er oppdragsgivar for prosjektet «Nye metodar for betre haldbarheit og meir miljøvennleg transport av lakseprodukt». Forskarane bak rapporten er Audun Iversen og Bjørn Tore Rotabakk frå Nofima og Friederike Ziegler frå det svenske forskingsinstituttet Rise.

Når fisk blir kjølt raskt ned til ein temperatur mellom 0 grader Celsius og frysetemperatur, kallar vi det superkjøling. Nedkjølinga blir gjord ved hjelp av til dømes underkjølt væske, tørris eller fryseteknologi. Etter superkjølinga blir produktet pakka og transportert, og temperaturen blir halden så tett opp mot 0 °C som mogleg.

– Superkjøling vil redusere kostnadene for pakking og distribusjon med nær 70 øre per kilo produsert for trailertransport til Europa. Om heile norsk lakseproduksjon vart superkjølt før transport kunne næringa altså spart rundt 1 milliard på denne transporten. Ved flytransport er innsparingane endå større: rundt 2 kroner og 70 øre per kilo, eller rundt ein halv milliard for heile næringa, seier forskar Audun Iversen i Nofima.

(©NPK)