Kan nulle ut Terra-tap

Artikkelen er over 4 år gammel

Borgarting lagmannsrett har talt. Konsekvensen kan bli at Bremanger kommune stryke 105-110 millionar av Terra-gjelda.

DEL

Borgarting lagmannsrett stadfesta onsdag at dei kom til same konklusjon som Oslo tingrett. Rådmann Tom Joensen i Bremanger er glad og letta, men tør ikkje heise flagget til topps enno. Dommen kan ankast til Høgsterett innan fire veker. Men det kan ta mange månader før dommen er rettskraftig. 

– Vi er ikkje i mål endå økonomisk, seier Joensen til Firdaposten og Fjordenes Tidende.

Avtalen som blei skriven mellom Bremanger kommune og Danske Bank er ikkje aktiv før i 2016. Dersom kommunen ikkje hadde vunne saka, ville det bety at dei frå 2016 ville måtte betale Danske Bank pengar i 20 år framover.

Dersom dommen blir ståande, betyr det at det kan bli førast tilbake ein stad mellom 105 til 110 millionar kroner til Bremanger, som dekkar det akkumulerte underskotet kommunen har.

Seinare i år ventar ei ny rettssak, der Bremanger saman med andre Terra-kommunar har gått til rettsak mot DNB. Den rettsaka gjeld låneprodukta som DNB formidla frå amerikanske Citibank.