Firdaposten ville finne ut kven som var den beste til å spele Fantasy Premier League i Kinn og Bremanger. Vi laga vår egen liga, lokka med ein valfri drakt i premie til vinnaren, og responsen vart betre enn det vi både håpa og trudde.

Rundt 230 spelarar melde seg på ligaen vår, og det var mange som gjorde det skarpt. Best av alle var Tor-Kristian Eikenes frå Ålfoten, og trass i at 22-åringen har hjartet på rette staden og held med Manchester United, valde han seg ein Tottenham-drakt med namnet til toppscoraren Son på ryggen.

– Eg sa til ein kompis at om eg vinn Firdaposten sin FPL-liga, og Son blir toppscorar i Premier League, då skal eg be om å få drakta hans i premie, forklarte Eikenes då vi intervjua han etter siste runde.

Akkurat slik blei det, og tidlegare i sommar fekk Tor-Kristian den nye heimedrakta til Tottenham i posten. Med Son på ryggen.

Here We Go

Fredag kveld er Premier League-sirkuset i gang igjen, og igjen inviterer Firdaposten til Firdaposten Fantasy Premier League. Premien er den same. Ei valfri fotballdrakt, sjølvsagt i tillegg til heider, ære og bilde i avisa.

Spelet er ganske enkelt å kome inn i. Du får eit budsjett, og må bruke det på å kjøpe inn femten spelarar. To keeperar, fem forsvarsspelarar, fem midtbanespelarar, og tre angriparar. Så plukkar du ut dei elleve som skal starte, og laget ditt får poeng rekna ut frå korleis spelarane gjer det i den verkelege Premier League.

Du kan byte spelarar undervegs, og må passe på at du har spelarar som er skadefrie og i form på laget til ein kvar tid.

Målet med spelet er å sanke inn flest mogleg poeng i løpet av sesongen, og det gjer du altså ved at dei spelarane du til ein kvar tid har på ditt lag gjer det bra i røynda.

Vil du ha Harry Kane eller Erling Braut Haaland på topp? Mo Salah eller Son Heung-min på midtbana? Vil Trent Alexander-Arnold framleis vere den forsvarsspelaren som leverer mest poeng gjennom sesongen? Og kor mykje pengar lønar det seg eigentleg å bruke på keeper-plassen?

Skal du gå for dei trygge vala, eller skal du prøve å gamble og finne dei spelarane som ikkje alle andre har på laget?

Det er mykje å tenke på!

Bli med

Vi håper du vil bli med og konkurrere om å bli best i ligaen vår. Den er open for alle, men skal du vinne drakta må du ha ei form for tilknyting til vårt dekningsområde, som altså er Kinn og Bremanger. Lykke til!

Slik gjer du om du vil vere med og konkurrere om å vinne vår lokale liga:

1. Logg deg inn på nettsida fantasy.premierleague.com

2. Er du allereie ein aktiv spelar, loggar du deg berre på med din egen bruker. Om du er nybegynnar, følger du instruksane for å lage din egen bruker. Det er gjort på et par minutt.

3. Du har 100 millionar fiktive pund til rådigheit. De «pengane» bruker du på å sette saman ein stall på i alt 15 spelarar. Du kan berre ha tre spelarar frå same klubb i stallen.

4. Trykk på fanen «leagues». Trykk deretter på fanen «create and join new leagues». Trykk på «join an existing league».

5. Trykk på «join private league» og legg inn følgande league code: vcsjl6

Er du allereie ein aktiv spelar kan du også berre trykke her: Firdaposten sin FPL-liga