Førespurnaden til Firdaposten er av det litt uvanlege slaget. Det er Thea Båtevik i Fjordane Friluftsliv som sender melding.

– «Thea søker kadaver». Verdig sak for Firdaposten ein dag denne veka kanskje?

Og vi beit på agnet. Korleis kunne vi gjere noko anna?

Treng eit litt større dyr

Vi møter Båtevik utanfor Haffen for å finne ut av kva dette eigentleg handlar om. At vi møtes der er ikkje tilfeldig, for om ikkje lenge kjem torget og området rundt Haffen til å vere staden for den aller første utgåva av havfestivalen «Passion for Ocean» her i Florø.

Det er i samband med den at Båtevik strekk ut ei hand til Firdaposten for å be om hjelp til å få tak eit dødt dyr. Disseksjon av eit dyr er nemleg eit fast innslag under desse festivalane.

– Vi treng eit litt større dyr til disseksjon på Passion for Ocean-festivalen, og er ute etter å kome i kontakt med fiskarar som er uheldige og få ein nise, sel eller kanskje ein sjøfugl i garnet. Eller om nokon skulle ha uflaks og køyre på ein oter, seier Båtevik.

«Passion for Ocean» kallar seg for ei folkerørsle som jobbar for at alle skal finne si grunn til å digge havet, ta betre vare på det, og vite korleis dei skal gå gram for å gjere det. Dei arrangerer festivalar og sommarleirar rundt om i landet. Båtevik er festivalsjef i Florø, og ho er tydeleg på at det er sjølvdaude eller uheldige dyr ho er ute etter.

– Eg må få understreke at vi ikkje går her og håper på at dyr dør. Men OM dei gjer det er det jo fint viss vi kan bruke dei til forsking og vitskapsformidling.

For store og små

Festivalen går føre seg laurdag 11. juni, og blir arrangert i eit samarbeid med Byen vår Florø, Fjordane Friluftsråd og Passion for Ocean. Det er eit gratis arrangement full av underhaldning, aktivitetar og kunnskapsformidling. Like morosamt for store som for små, om vi skal tru Båtevik.

– Det er like ofte dei vaksne som blir overraska og seier at «det visste eg ikkje». Trass i at vi har verdas nest lengste kystlinje, verdas største kaldtvatnkorallrev, og eit fantastisk liv rett under bryggekanten vår er det mange som ikkje veit så mykje om havet. Det ønskjer vi å gjere noko med, seier Båtevik entusiastisk.

Ho fortel at det blir høve til å prøve SUP-brett og segling med Florø Seilforening. Redningsselskapet stiller med Eliasbåten og vil lære både små og store om sikkerheit på sjøen. Du kan få klappe ei sjøstjerne og lære om alt det rare som finst i havet frå engasjerte marinbiologar. Mellom anna, så det er berre å huke av datoen i kalenderen.

– Og alt er i rute til festivalen?

– Det meste, forsikrar festivalsjefen så sjølvsikkert at vi faktisk trur på det.

– Men eg treng altså dette kadaveret, og om nokon har litt ekstra plass i frysaren kan dei også gi lyd ifrå seg, avsluttar ho.

Kan du hjelpe kan du ta kontakt med Thea Båtevik på e-post, thea@friluftsrad.no, eller på telefon 48 22 22 38.