Fredag sende Norges Miljøvernforbund ut ei pressemelding der dei slår fast at det samla fotavtrykket som vindkraftubyggingane skapar i norske fjellandskap er for stort, og at dei no vil at EU sitt overvakingsorgan ESA skal sjå på saka.

Miljøvernforbundet er uroa både for vassmiljøet og det faktum at verken produsentar eller kjøparar av turbinblad har noko gode løysingar for å handtere utrangerte turbinblad. Per i dag går dette avfallet rett i deponi.

Mange kritiske punkt

Når det gjeld vatnet, peikar Miljøvernforbundet på at både anleggsarbeidet og drifta av ferdige vindturbinar vil kunne forureine drikkevasskjelder, myrar, bekkar og store areal rundt desse. Ein farleg partikkelmiks frå rotorblad-slitasjen vil hamne i naturen som ureining.

Dei tek også opp faren for brann i turbinane, samt lekkasjefare der ulike typar drivstoff og oljar kan ende opp som miljøgifter i naturen.

Miljøvernforbundet meiner den norske utbyggingspraksisen bryt med tre viktige EU-direktiv; vassdirektivet, deponidirektivet og avfallsdirektivet.

– Store areal på fjellets urørte natur blir påvirket, noe som Norges Miljøvernforbund ikke aksepterer, heiter det i pressemeldinga.

Ingen miljøkrav i driftsperioden

Miljøvernorganisasjonen peikar på at det allereie i 2009 blei forbode å deponere biologisk nedbrytbart avfall her i landet. Ut frå dette forbodet, konkluderer dei slik:

«Sirkulærøkonomi, CO₂- fotavtrykk, forurensning, avfallshåndtering er overhode ikke tatt med i beskrivelsen av vindturbinparker. NMF betrakter dette som en meget stor svakhet i og med at det er store avvik. Både EUs direktiver, forordninger og norsk lov og rett kravsetter «føre-var-prinsippet» innen forurensning og håndtering av avfall. Vindturbinblader som avfall er overhode ikke ivaretatt som en del av sirkulærøkonomien.»

Les også:

– Ungdom og vaksne klarar ikkje diskutere vindkraft

Entreprenør pressar på for vindkraft-start på Bremangerlandet: – Feil å trekkje koronasituasjonen inn i ei slik sak, svarar ordføraren

Norges Miljøvernforbund har innhenta informasjon på at det ikkje finst noko kriterium for design knytt til nedbygging og handtering av avfall, verken for produsent eller for kjøpar av turbinblad.

Dei peikar også på eit anna misforhold: Fokus på å handtere avfall på ein god måte verkar berre å handle om transport og anleggsfasen (MTA), medan det for etterbruksfasen (når anlegga kjem i drift), finst lite eller ingen krav til avfallshandteringa.