– Kampen mot radikalisering er eit felles ansvar

RADIKALISERINGSPODCAST: Elisabeth Harnes er gjjest hos Arne Hjorth Johansen i podcasten denne veka.

RADIKALISERINGSPODCAST: Elisabeth Harnes er gjjest hos Arne Hjorth Johansen i podcasten denne veka. Foto:

PODCAST: Elisabeth Harnes frå RVTS Vest besøker vårt podcaststudio for å snakke om radikalisering og integrering

DEL

Denne veka har Kinn utdannings- og ressurssenter heldt si årlege inkluderingskonferanse. På gjestelista sto mellom anna spesialrådgjevar Elisabeth Harnes frå RVTS Vest. I eit tett program tok ho seg tid til ein god halvtime i Firdaposten sitt podcaststudio.

Det handlar mykje om radikalisering. Harnes seier at kampen mot radikalisering er eit felles ansvar for oss alle. Vi er på veg mot eit langt meir polarisert samfunn, og skal vi bremse, eller stoppe det har vi alle ein jobb å gjere. Vi må skape trygge møteplassar der det er rom for å vere forskjellige, også utanfor kommentarfelta, seier Harnes.

– Vi må finne, eller skape, arenaer med rom for å vere annleis, i ein trygg space. Ikkje berre i kommentarfelta. Vi må møtes, og vi må tole å vere forskjellige, elles vil det aldri skje ei brubygging.

Harnes er bekymra for mykje av det som skjer i verda no, men seier at det er viktig at vi aldri gir opp håpet og den felles humanismen som også Norge er forankra i.

Du finn podcasten på Spotify og andre podcasttenester ved eit søk på Firdaposten. Der finn du og eldre episodar.

Eller du kan høyre den akkurat her:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken