PR-arbeidet gir godt billettsal

Svein Arild Vatsø intervjuar gründeren Svein Inge Fosse i Knutholmen.

Svein Arild Vatsø intervjuar gründeren Svein Inge Fosse i Knutholmen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Billettsalet til Kystfestivalen i Kalvåg har passert 1000 no to månader før det brakar laus.

DEL

VideoKystfestivalen i Kalvåg har i år lagt opp til offensiv marknadsføring, ikkje minst gjennom sosiale medium.

Kalvåg Kystlag er grunnfjellet i denne festivalen og med reiselivsverksemda Knutholmen og Aktiv Kalvåg på laget blir det ei kraftfull satsing til saman.

Svein Arild Vatsø er dagleg leiar i Aktiv Kalvåg, som har booka inn Åge Aleksandersen som frontfigur på salsplakaten.

– Vi har no ute ein ny video som fokuserer på den flotte naturen i Kalvåg og Bremanger. Eg får gåsehud når eg ser kor flott det er, seier den bergenbusette Kalvåg-patrioten.

Billettsalet går veldig bra og førehandssalet er fullt på høgde med langt større festivalar i fylket i sommar.

– Det er framleis kapasitet til fleire båtar og fleire publikummarar. Min ambisjon er å setje publikumsrekord på konserten, understrekar mannen ved PR-roret.

    Artikkeltags