17. mai-badetog blir rikskringkasta

FRISKT: Ikkje mange grader i sjøen, men det hindrar dei ikkje i å bade.

FRISKT: Ikkje mange grader i sjøen, men det hindrar dei ikkje i å bade.

Sjølvaste rikskringkastinga sender direkte frå Kalvåg og Bremanger i dag.

DEL

I Sogn og Fjordane får du vere med på feiringa av nasjonaldagen i bygdene Kalvåg og Bremanger i statskanalen NRK.  Det er Solveig Svarstad og Stine Kyrkjebø Johansen som skal lodde stemninga på kysten.

Dagen startar i det gamle fiskeværet Kalvåg. Silje Aga Larsen både vekker bygda og speler til flaggheisinga frå verandaen sin med utsikt over heile Kalvåg. Dette er ein tradisjon ho har hatt i fleire år.

Frå Kalvåg går turen vidare til Bremanger. Her skal du få møte ein "nisjetog" på som går rett til havs. Badenymfene syng og held flagget høgt til topps før dei stuper i havet.

Fjernsynssendinga kan du følge frå kl. 7.50 og fram til kl. 14. Innslaga frå Kalvåg og Bremanger kan du etter planen sjå kl. 8.20, kl. 10.50 og kl. 13.06.

Seks damer, tolv grader 

Artikkeltags