Drillforeldre tek vakthald under Kystfestivalen

Florø Dril vann NM og skal til EM for fjerde gong. No stiller foreldra som vakter i Kalvåg Kystfestival for å tene inn til turen.

Florø Dril vann NM og skal til EM for fjerde gong. No stiller foreldra som vakter i Kalvåg Kystfestival for å tene inn til turen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Deltaking i EM for 4. gong kostar pengar. – Vi er veldig nøgd med å kunne tene inn reisepengar ved å vere vakter i Kalvåg.

DEL

Styreleiar Camilla Skorge og dei andre ansvarlege i Florø Drill er i ferd med å organisere reise til europameisterskap for fjerde år på rad for jentene. I vår vann dei i NM endå ein gong. EM blir arrangert i Kroatia i oktober og når eit 40-tals personar totalt sett skal av garde vil det koste mykje pengar og kreve mykje organisering.

– Vi er superhappy og takknemlig over å få tilbod om at foredrene kan jobbe som vakter under Kystfestivalen i august. Då kan dei tene inn ein 1000-lapp på kvar til turen. Vi har ei flott foreldregruppe som stiller opp og det trengs når turen kostar kring 10.000 kroner per jente og vi er 17 i troppen. Desse turane er ei stor inspirasjonskjelde for jentene til å stå på og trene, understrekar Skorge.

Camilla Skorge er styreleiar i Florø Drill.

Camilla Skorge er styreleiar i Florø Drill. Foto:

I tillegg til Florø Drill skal folk frå Florø Handball også stille som servitørhjelp under festivalen.

Tek sommarferie med NM-gullet sikra

Svein Arild Vatsø i Aktiv Kalvåg fortel at dette er eit vinn-vinn-opplegg.

– Vi har slite med å få tak i nok arbeidshjelp og fekk kontakt med desse via Barbro Furset i Byen Vår Florø. Vi sender ein båt til Florø for å hente dei og skyssar dei heim att om natta. Eg vil tru at mange av dei synest at det eksotisk og spennande å komme til Kalvåg, seier han.

Artikkeltags