Gå til sidens hovedinnhold

Juli er høgsesong for mobilskadar

FORBRUKAR: Aldri tek vi meir bilder og video på mobil enn på sommaren - det meste meint for sosiale medier.

Ikke rart då, at sommeren er høgsesong for skadar på vår trofaste følgesvenn, mobilen.

7000 saker i år

– Skadetala viser at juli er den desidert farlegaste månaden for mobilen. Risikoen er tre gongar større for skadar i juli enn desember, til dømes. Dette skuldast sjølvsagt at uteaktiviteten er mykje større, og når det er varmt i vêret er ikkje alltid mobilen ligg trygt i lomma på shortsen, sier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgjevar i Tryg Forsikring.

Så langt i år har Tryg Forsikring motteke vel 7000 innmelde erstatningssaker for mobiltelefon, til ein verdi av over 14 millionar kroner.

– Blir du fråstolen mobilen på ferie, eller andre er skuld i at den blir skadd, kan ei god reiseforsikring hjelpe deg. I tillegg kan ei innbuforsikring med ekstradekning hjelpe deg om du mistar eller skadar mobilen etter ei uventa hending, seier han.

Mobiltelefonane blir berre dyrare og dyrare; dei siste modellane kostar gjerne langt over 10.000 kroner. Samstundes er mobilen ei bærbar datamaskin som er sårbar for støytar og slag, vatn og sand.

Skal barna få låne mobilen?

– Erstatningssummane auker sjølvsagt i takt med at mobilane blir dyrare. Juli er feriemånaden framfor nokon, og talet på mobilskadar aukar med øvrige reiseforsikringsskadar. Nordmenn er svært aktive i ferien, og dei aktivitetane som byr på vatn - anten i form av båtliv eller bading - fører ofte til mobilskadar, seier Brandeggen.

Spesielt barn er utsette for å miste eller skade mobiltelefonen sin på sommaren.

– Små barn og dyre, ømfintlege smarttelefonar er ein risikabel kombinasjon. Det er greit å hugse på når du lånar ut din dyre mobil til junior for at det skal bli litt fred og ro. Ein god del mobiltelefoner kjem i utgåver som er tilpassa aktive ungdommar, og dei toler røffare omgang enn mange dyrare utgåver, seier han.

Slik sikrer du deg best mot mobilskadar:

– Vurder om du verkeleg treng å ta med mobilen på alle aktivitetar.

– Skaff deg ein eigen feriemobil som enten toler ekstra mykje eller som er billig.

– Eit kraftig og vasstett mobildeksel er ein god forsikring i seg sjølv.

– Barn bør ha mobilar som toler røff behandling. Eventuelt vurder ei eiga forsikring på barnas mobiler.

– Sett på sporing av mobiltelefonen. Då er sjansen større for at du finn den igjen.

– Det er ikkje alltid lurt å låne bort den dyraste mobiltelefonen din til barna.

– Sist, men ikke minst: Unngå å gjere mobilen lett tilgjengeleg for lommetjuvar. Ikkje minst i storbyane i utlandet samt på strendene er mobiltelefonar eit ynd tjuveriobjekt for lommetjuvar.

Kommentarer til denne saken