Kvart år skjer det rundt 75 ulykker med personskadar i juletrafikken. Dette er vegdirektøren sine råd til deg som skal køyre heim til jul.
Kvart år skjer det rundt 75 ulykker med personskadar i juletrafikken. Av og til blir ulykka ei dødsulykke. I 2020 omkom ein person i romjula, og i dei to åra 2018 og 2019 har to menneske mista livet kvart av åra. I 2017 var det seks stykke som mista livet i juletrafikken.
Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland seier ho opplever at trafikantane er flinke og ansvarlege i juletrafikken, men ber oss likevel vere på vakt. Det er meldt skiftande vêr- og føre, spesielt over fjellet, og dette kan gjere turen krevjande.
– Auka trafikk på vegane gir auka risiko. Vi ønskjer at alle skal komme trygt fram til jul. I fjor døydde ingen i tida mellom jul og nyttår. Vi må alle gjere vårt for at det ikkje blir nokon i år heller, seier vegdirektøren.
Dette er hennar fem viktigaste råd til deg som skal ut i juletrafikken:
Førebu deg på trafikken
Vi har gode tenester som gjer at du kan førebu deg, og på denne måten komme tryggare og raskare fram. På www.vegvesen.no/trafikk og SMS- tenestene våre har vi samla mange tenester for deg som skal ut på vegen.
Ikkje stress
No før jul er det mykje som tek merksemda vår. Aktløyse er medverkande faktor i ein tredel av dei mest alvorlege trafikkulykkene. Bruk passasjerane om du treng hjelp med radioen eller må finne noko i sekken, slik at du kan halde fokus der du skal – på vegen.
Tenk deg om før du køyrer forbi
Forbikøyring sparar deg for lite tid totalt på turen din, og kan utsetje deg og andre for fare. 40 prosent av dødsulykkene på vegane i fjor var møteulykker. Viss alle vurderer ein ekstra gong om forbikøyringa er nødvendig, kan vi spare mange liv på vegane.
Pakk trygt
Både julegåver og passasjerar må sikrast godt i bilen. Ein hund eller ein koffert kan vege tonn når dei kjem susande ved ei kraftig oppbremsing. Ha derfor alt godt festa, også i baksetet.
Tilpass farten
Vinteren betyr ofte utfordrande føreforhold. Då kan det vere lurt å senke farten. Hugs at fartsgrensene berre er ei øvre grense, og at du bør køyre saktare når forholda er krevjande. Køyr ansvarleg – og køyr rusfritt.
(©NPK)