Ordføraren opnar julemarknaden

Ordførar Ola Teigen tar i eit tak på julemarknaden.

Artikkelen er over 1 år gammel

Det blir noko for alle sansane når gode krefter i Flora slår seg saman for å skape stemningsfull julemarknad midt i byen.

DEL

For første gong blir det ekte julemarknad i Florø, i heile fem dagar til endes.

Ordførar Ola Teigen står for opninga, klokka 17.00 fredag ettermiddag.

- Dette blir tidenes julefeiring i Florø by. Dette er «the place to be» i Sogn og Fjordane denne helga, og neste, seier Teigen, som sjølv var med som sjauer framfor opninga fredag ettermiddag. 

Etter at ordføraren har opna marknaden skal koret Fryd underhalde. Det blir også fleire innslag denne kvelden, frå dansegruppa Piruette, Florø Musikkteater og koret Gnist.

– Vi skal skape julestemning for små og store, unge og eldre. Den gode, ekte stemninga som ein hugsar frå då

SNØFALL: Då vi møtte ordføraren i Torggata fredag fall dei første snøfnugga. - Dette blir perfekt, kom det frå Teigen.

SNØFALL: Då vi møtte ordføraren i Torggata fredag fall dei første snøfnugga. - Dette blir perfekt, kom det frå Teigen.

ein var liten, sa Flora-ordførar Ola Teigen til Firdaposten då marknaden vart lansert tidlegare i vinter.

Dette blir ikkje noko «plastic fantastic» glorete Disney-jul. Det blir nedpå, ein stad der ein kan stoppe opp, senke skuldrene, og kose seg i førjulstida. Det blir kvalitet, smak, lukt og kreativitet, ifølge Byen Vår Florø.

Fredag kveld vert den store juleklassikaren Love Actually vist i teltet på marknaden. Her blir det også barservering.

Buer og aktivitetar

- ENESTÅANDE: - Du kan godt få med deg at Marta Askeland Leirvik har på eige initiativ laga ekte grangirlander kring alle salsbodene, det er heilt eneståande, seier Barbro Furset i Byen vår Florø.

- ENESTÅANDE: - Du kan godt få med deg at Marta Askeland Leirvik har på eige initiativ laga ekte grangirlander kring alle salsbodene, det er heilt eneståande, seier Barbro Furset i Byen vår Florø.

Torggata skal vere gågate, og der er det sett opp eit telt og seks større salsbuer. I desse kan ein kjøpe produkt frå lokale kvalitetsprodusentar, både mat og drikke, og handarbeid og dekorasjonar.

Det er litt ulike boder dei to helgene marknaden vert arrangert. Denne helga kjem Reksta Villsau med økologisk gardsmat og skinn frå villsau, det blir sju sortar frå Florø Bakeri og Naustdal dampbakeri, sjokolade frå Knutholmen, kaffe frå Sognefjorden kaffebrenneri, lokalt handarbeid, handlaga såpe med lokale ingrediensar, juleeventyrbøker og anna litteratur frå Lisa & Lunden, og lokal gardsmat frå Fjord Gardsmat. 

Underhaldning

I teltet skal det kvar marknadsdag vere ulike vere musikk- og danseinnslag, demonstrasjonar og verkstader og mange andre ulike aktivitetar, som spikking og kakemann-dekorering.

MODELL AV STRANDGATA: Klasse 6B ved Florø barneskole hadde laga modell av Strandgata saman med dei to andre sjetteklassane i kunst og handverk timane i haust. Frå venstre: Hedda Sunde, Lisa Bremnes, Viveka Kubendran, Styrk Leversund, Tommy Bårdsen Svardal, Kristoffer Skåre og Elias Nikolai Vonheim Trondsen.

Ein kan mellom anna nyte brente mandlar, glaserte eple, grilla julepølser og gløgg.

Det skal også satsast på stemningsskapande lyssetting og dekorasjon. Til prosjektet har ein fått pengar frå dei kommunale INU-midlane, og frå Botnaneset Industriselskap, fortel ordførar Ola Teigen.

Julemarknaden vert arrangert i Florø sentrum 1. - 3. desember og 9. og 10. desember.

Artikkeltags