1/24 Då var det allereie klart for den siste luka i julekalenderen til Husabula, og som i fjor er det sjefen sjølv som set seg ved tangentane og mikrofonen. Har du gjort noko to gonger er det plutseleg ein tradisjon, og det håper vi betyr at vi får høyre vakre «Desembernatt» på julaftan også i 2023. Vi takkar for ein fantastisk julekalender, og ønskjer ein god jul til alle!
2/24 I'll be home for Christmas var ein stor hit for Bing Crosby i 1943, opphaveleg spelt inn som ein song som skulle gi moralsk støtte til dei amerikanske soldatane som lengta heim til jul. No er den ein av dei verkelege juleklassikarane, og her er det Benedicte Stavang som gjer sin versjon. På sjølvaste veslejulaftan!
3/24 I fjor var det Firdaposten som tok seg av «Fairytale of New York». I år tek Truls Kleiven over stafettpinnen, men han tek den heilt ned og gjer den norske versjonen der Trygve Skaug skreiv teksten for Lewi Bergrud. Med Eirik Husabø på tangantane og Anna Michalska på fiolin blir det nokre vare og vakre minutt.
4/24 No er vi endeleg ved den kalenderluka der eg får det privilegiet det er å introdusere meg sjølv. Ja, kva skal ein seie? – Dette var autentisk og fint, sa Jon Valur rett etter innspelinga av dagens luke. Vi er ikkje heilt sikre på kva det eigentleg betyr, men trur at det er som når eigedomsmeklarane marknadsfører eit hus «med potensial». Det betyr at her er det frykteleg mykje å jobbe med. Uansett. Underteikna sende ein søknad om å få vere med i julekalenderen då det viste seg vanskeleg å få Firdaposten til å stille lag i år, og sidan det ikkje var nokon andre som kunne stille på så kort varsel fekk eg lov til å vere med. Takk! For meg var det ei fin oppleving å få spele med sjølvaste Raimond Hoclas. Songen er «River» av Joni Mitchell, men med norsk tekst av Frida Ånnevik. Unnskyld til dei begge. Her er eg, Arne Hjorth Johansen og songen «Ælv».
5/24 Det er kanskje ikkje så ofte kastanjenøttene steiker over ein open flamme i dei norske juleheimane, men songen som ofte blir referert til som «Chestnuts Roasting On An Open Fire», men som eigentleg heiter «The Christmas Song», er ein del av julefeiringa for mange likevel. Mest kjend i Nat King Cole sin versjon, her er den med David Antonsen og Nils Petter Fredheim.
6/24 Det er Jón Valur Ólafsson sine ord i introduksjonen til Dace, Tom Erik og dei andre i bandet Daur. Dette er den luka han har gleda seg mest til. Bandet Daur oppsto gjennom Kinn kommune si teneste for rus- og psykiatri, under Annika Bremnes si stødige hand.. Sida har det balla på seg. I dagens luke altså: Julas vakraste eventyr, bandet Daur og låta «Sia». Kult!
7/24 Jomentum sitt barne- og tweenkor er ein institusjon i det lokale kulturlivet. I 2022 har dei feira at dei har halde på i 30 år, og sjølvsagt skal dei vere med i julekalenderen frå Husabula. Songen er «When Christmas Comes To Town», frå filmen Polarexpressen, men i norsk språkdrakt slik at det blir «Når jula kjem til byen». Og no er det ikkje lenge igjen!
8/24 «Nå tennes tusen julelys» er eigentleg ein svensk julesong, og blei komponert heilt tilbake i 1898. Men den er ein del av dei verkeleg klassiske norske julesongane også. Her får vi ein vakker versjon frå Maren Ýr Jónsdóttir Tyvold.
9/24 Vi har lurt på kor lenge han klarte å halde seg unna. No er svaret her. I dagens luke bytar Jón Valur Ólafsson side og tek over vokalen sjølv, og når du høyrer den første strofen «Velsigna du dag over fjordan» veit du at det er Trygve Hoff sin «Nordnorsk julesalme» som står på menyen. Eit godt val!
10/24 Tenk at «All I Want For Christmas» er 28 år gammal. Mariah Carey ga den ut i 1994, og siden har den vore ein del av jula for mange av oss. I dag er den også med i julekalenderen, og det er talentfulle Olivia Gnananantham Husabø som leverer varene. Flott!
11/24 Ein litt overraskande duo, og eit litt overraskande låtval. Desto meir gledeleg når det sit som ei kule. Jorunn Bakke Nydal og Alice Hugøy leverer ein ny favoritt i julakelenderen med Lars Bremnes si vise «Himmel nok tel alle».
12/24 Det er 13. desember og dagen for å markere Luciadagen i skuler og barnehager rundt i verda. Julekalenderen frå Husabula er ikkje noko unntak. I dag er det Emily som sprer lys i den mørke natta med Santa Lucia frå den populære NRK-julekalenderen Jul i Svingen. Dette er vakkert!
13/24 «Uten deg» av Knut Anders Sørum og Lewi Bergrud tek oss med inn i den meir melankolske jula der dei tusen julelysa ikkje har noko varme å by på. Her i nydeleg versjon av Monica Liseth Hauge. Nyt!
14/24 Sunniva Stusdal har imponert oss med røyst og musikalitet i fleire år allereie. Sjølvsagt er ho med i julekalenderen i år også. Ho syng «I'll be home», som er ein song av Meghan Trainor. Veldig fint!
15/24 Lady og Landstrykaren er kanskje ikkje ein julefilm, men «Bella Notte» frå den filmen har på ein måte blitt ein slags julesong likevel, takka vere det klassiske juleshowet frå Disney som NRK har sendt stort sett kvar julaftan i over 40 år. Her kjem den med sjølvaste mannskoret Gammen!
16/24 I dagens luke i julekalenderen frå Husabula Kulturscene er det ingen ringare enn Kurt Arve Washburn som tek mikrofonen. Han syng sin eigen julesong, «A Peaceful Christmas Time», som den første i år med eigen heimelaga song. Det er berre å la freden senke seg!
17/24 Dei kjem frå Bremanger, og er eit vokalensemble med solistar der alle skal få lov til å skine. Skine gjer dei alle høve i dagens julekalenderluke der dei syng «Grown-Up Christmas List», som både Natalie Cole, Amy Grant og Kelly Clarkson har spelt inn tidlegare.
18/24 Dei kjem frå talentfabrikken som kallar seg for Kinn kulturskule. Nathalie & Linnea leverer ein julesong frå 2019, som er i ferd med å bli ein moderne juleklassikar. Om det er mogleg å vere både moderne og klassisk på same tid då? Ein knallåt er det uansett, Sia sin «Snowman».
19/24 I luke seks i julekalenderen vår er det pianisten Andreas Taklo som set seg i spotlighten. Han spelar eit stykke av den finske komponisten Jean Sibelius som heiter «grana». Len deg tilbake, lukk auga, og bli med til dei store finske skogane saman med den dyktige pianisten.
20/24 Jorunn Russøy og Asbjørn Vie har teke turen ut til kystbyen for å få litt fart på denne julekalenderen. Her blir det rock 'n' roll i boogiewoogie-stil, og kanskje er det akkurat det vi treng på ein iskald måndag i desember?
21/24 Magnus Hjorthol og hans to eminente musikarar gjer White Christmas slik den er meint å gjerast. Nydeleg!
22/24 Tredje luke er opna, og der finn vi Paris som tek oss gjennom «Walking in the Air» frå filmen Snowman. Ikkje det enklaste valet, men Paris gjennomfører med bravur. Dette er flott!
23/24 I luke to av julekalenderen frå Husabula kulturscene møter vi Grethe Berntzen. Ho syng Alf Prøysen si vise «Romjulsdrøm», og fortel at det rett og slett ikkje blir jul utan at Prøysen er med.
24/24 Møt Linnea Storesund som her får æra av å være først ute i Husabula kulturscene sin julekalender for 2022. Ho gjer Anne Grete Preus si vakre vise «Når Himmelen Faller Ned» på nydeleg vis. Høyr og sjå sjølv!