Når alle gåvene er pakka opp på julaftan, sit du kanskje att med store mengder gåvepapir, band og emballasje. Kva ein bør gjere med dette er litt forskjellig i kvar kommune. I Flora kommune skal julepapiret kastast i restavfallet, fortel Reidulf Refsnes, sjef for teknisk drift i Flora kommune.

Kvifor skal det i restavfallet?

Returpapiret må vere reint, og det er mykje kjemikaliar og andre stoff i julepapiret.

Finnes det noko alternativ for dei som ikkje vil kaste det i restavfallet?

– Nei, ikkje om ein vil bli kvitt det. Ein kan bruke det til noko anna, eller bruke det om igjen. Det er vel det beste, poengtere han.

Store mengder emballasje

Mykje av emballasjen er der for å beskytte alt vi kjøper inn til høgtida, men når jobben er gjort, er det viktig å kjeldesortere, seier direktør Jaana Røine i resirkuleringsselskapet Grønt Punkt Norge.

La kjeldesortering av emballasje bli din julegåve til miljøet i år. Eit godt tips er å redusere emballasjehaugen ved å pakke inn gåver i resirkulerbare gåveesker og å bruke hyssing og gråpapir.

– De fleste ender opp med ganske mykje gåvepapir når alle julepresangane er opna. Sjekk med kommunen du bor i om korleis du bør behandle dette avfallet. Det varierer nemleg frå stad til stad, forklarer Røine til siste.no.