Merka du jordskjelvet fredag kveld?

Fylket opplevde eit nytt jordskjelv fredag kveld.

DEL

Ifølgje jordskjelv.no blei det registrert eit nytt jordskjelv i Sogn og Fjordane fredag kveld. Målingane gav utslag til 2,6 på Richter-skalaen, og er såleis i kategorien "eit lite skjelv".

Men i midtre delar av Nordfjord var skjelvet godt merkbart. Ifølgje Fjordabladet small det høgt på Eid, med sterke rystelsar i etterkant.

Jordskjelv-ekspertar er førebels usikre på kvar episenteret for skjelvet ligg, men det var sterkast merkbart i områda rundt Stårheim.

Ifølgje politiet har ikkje skjelvet ført til personskadar eller andre øydeleggingar.

Dette er det tredje jordskjelvet i fylket på kort tid. I august er det registrert jordskjelv både i Bremanger og i Solund.

Artikkeltags