Jordskjelv rysta Sunnfjord

Av

Eit jordskjelv rysta store deler av Sunnfjord i dag.

DEL

– Jordskjelvet inntraff klokka 14,25 i ettermiddag, opplyser Ben Dando, seniorforskar og geofysikar ved NORSAR, til Firda.

– Jordskjelvet hadde episentrum nær Florø. Førebels er skjelvet rapportert til å ha styrke 3,2 på Richters skala. Men dette er ein styrke som baserer seg på automatiske rapportar. Vi held på med å analysere skjelvet, og det talet kjem nesten garantert til å endre seg, seier Dando.

Jordskjelvet kunne merkast over store deler av Sunnfjord og Nordfjord.


Artikkeltags