- Det blir bål på Rota

Jonsok på Rota. Arkivfoto.

Jonsok på Rota. Arkivfoto. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

I siste liten har ein dugnadsgjeng hive seg rundt og starta bålbygging på Rota.

DEL

Det store spørsmålet Florø-folk stilte seg måndag var "Blir det jonsokbål på Rota i år?".

Og etter ein del detektivarbeid kan Firdaposten overbringe svaret.

- Det blir bål. Vi held på å bygge no.

Det seier ein av initiativtakarane, Andreas Kassen Høyvik.

Ikkje eit år utan

- Vi blir nok ståande med bålbygging i heile natt. Og det blir nok ikkje årets største bål. Men det blir i alle fall bål på Rota - vi kan ikkje ha eit år utan, slår Kassen Høyvik fast.

Båldugnaden starta på Facebook for nokre dagar sidan. Venner og bekjente vart tromma saman til eit dugnadslag.

- Vi begynte så vidt å tenke på det i førre veke, men så var det litt fram og tilbake. Søndag bestemte vi oss for at vi ville lage bål. Og måndag ettermiddag i 15-16-tida begynte bygginga, fortel han.

Dugnad

Stein Arve Olsen har stilt med båt, mannskap, drivstoff og lekter lånt frå Westcon, og har frakta pallene frå kai til bålet ut på Rota.

K. Jansen har skaffa pallene frå ulike bedrifter i Florø, og har stått for både henting, transport og lagringsplass, og personell og køyretøy til jobben.

For dei som har lagt merke til pallestablar på Trolleskjæret i Gunhildvågen, så var dette paller som skal til Rota-bålet.

- Vi vil takke alle som har bidrege, og alle som er her på Rota og står på med bygginga no, seier Kassen Høyvik til Firdaposten måndag kveld.

Planen er at årets jonsokbål skal tennast tysdag klokka 21.00.

Jonsok på Sørstrand

Også på Sørstrand var det dugnadskrefter i sving måndag, med rydding og bålbygging.

Her vert grillane tent kl. 17.00 tysdag ettermiddag, og kl. 18 vert bålet tent.

I år stiller Sørstrand Folkepark med parkeringsvakter, i tillegg vil Røde Kors vere på plass heile kvelden med naudsynet brannsløkkingsutstyr, opplyser Jan Henrik Nygård, og oppfordrar både små og store til å ta turen.

– Det er tillate å bade på heile område og vi har bestilt like godt vêr som det har vore i helga, seier Nygård.

Artikkeltags