Gå til sidens hovedinnhold

Jonas kjem til Vesle Kinn

Artikkelen er over 2 år gammel

Jonas Gahr Støre kjem til Florø og Vesle Kinn, og skal diskutere fornybar energi og havets moglegheiter med Trond Strømgren.

– Onsdag 26. september skal vi prøve ut noko nytt. Då blir det politisk pub med Jonas Gahr Støre på Vesle Kinn, fortel ordførar Ola Teigen (Ap).

Gahr Støre skal samtale med Trond Strømgren frå Maritim Forening Sogn og Fjordane. 

– Dei skal sitte på kvar sin barkrakk på Vesle Kinn, snakke saman og utfordre kvarandre og publikum på fornybar energi og moglegheitene og potensialet i havet, seier Teigen.

Arrangementet er frå klokka 15.30 til 17, og er ope for alle som er interessert.

– Trond Strømgren er ein betydeleg lokal kapasitet, og her skal vi saman løyse faglege og politiske verdsproblem – saman med publikum. Så her håpar vi på gode og spennande diskusjonar, seier ordføraren.

Les også

Idéen Trond Strømgren var med på å pønske ut kan kutte 23 prosent av utsleppa i Norge. No jobbar ein med å realisere den.

Jonas Gahr Støre skal også vere med på skipingsmøtet til Kinn Arbeidarparti seinare på ettermiddagen.

Les også

Søker om å bygge hydrogenklynge i regionen

 

Kommentarer til denne saken