Gå til sidens hovedinnhold

Jonas Gahr Støre (Ap): – No kan vi endeleg seie: Vi klarte det

Arbeidarpartiets leiar Jonas Gahr Støre vart møtt med jubel og taktfaste rop då han entra talarstolen på valvaka til partiet.

– No kan vi endeleg seie: Vi klarte det, opna Støre sin tale med på Arbeidarpartiets valvake.

Støre blir Noregs 36. statsminister sidan 1873. Han tek over etter Erna Solberg, som har styrt landet i åtte år.

Arbeidarpartiet ligg ifølgje prognosane an til å få fleirtal saman med SV og Senterpartiet.

– Alt tyder på at vi når målet om eit skifte i kveld, og vi får eit solid fleirtal. Slik det ser ut no får vi fleirtal for vår plan A om ei regjering beståande av Ap, Sp og SV, sa Støre.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken