Motorsykkel køyrde av vegen på E39

Ulykka skal ha skjedd på Grimsbø på E39 i Jølster.

DEL

FIRDA: Like etter klokka 11.30 melde politiet at ein motorsykkel har køyrt av vegen.

– Ukjent skadeomfang. Naudetatane er på veg til staden, melder politiet like etter klokka 11.30, skriv Firda.

Klokka 11.45 opplyser Steinar Hausvik ved politiets operasjonssentral at ambulanse er framme på staden.

– Dei har tatt pasienten rett i bilen og til sjukehus. Alt vi veit no er at motorsykkelen køyrde av vegen, seier Hausvik.

Saka blir oppdatert.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags