Politiet: Alle utanom den sakna mannen i 50-åra er gjort rede for

Av

Det melder politiets innsatsleiar onsdag kveld.

DEL

Innsatsleiar for politiet, Synnøve Domben, fortel til Firda klokka 19.44 at søka etter den sakna mannen i området vil halde på fram til mørket fell.

– Det vil ikkje vere søkeaktivitet gjennom natta, seier ho.

Søket som pågår no blir gjort med båtar som gjer overflatesøk.

I tillegg vil ein onsdag kveld få helikopterbistand frå forsvaret.

Domben fortel at denne bistanden primært vil bestå av å skifte ut mannskap som deltek i leitinga, samt å bistå med å få sivile personar vekk frå områder der dei er innestengde – primært i Vassenden-området.

Kor mange som står att å evakuere, er per onsdag kveld verken Jølster kommune eller politiet kjent med. Men politiets innsatsleiar fortel at dei per no har redegjort for alle utanom den sakna mannen som det blir leita etter.

Det innkalla ROV-fartøyet (mini-ubåt) er venta å komme til staden klokka 12 torsdag føremiddag.

Korleis den blir frakta fram til Jølster er ikkje innsatsleiaren kjent med.

Artikkeltags