Vogntog stod innesperra mellom to ras

Eit norsk vogntog stod innesperra mellom to ras på E39 i Jølster.

DEL

(Firda) – Vi har vore i kontakt med sjåføren, og alt står bra til med han. Det er ingen personskadar, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt til Firda søndag morgon.

Det var klokka 23. 15 laurdag kveld politiet fekk melding om at sjåføren blei ståande fast mellom to ras.

Politiet var sist i kontakt med sjåføren natt til søndag i tretida.

Geolog til staden

Søndag morgon 09.30 reiste geolog til Jølster for å ta ei synfaring.

– Han skal gjere ei vurdering i dei rasutsette områda. Innsatsleiar frå politiet reiser også oppover no. Dei skal etter kvart ta ei vurdering om det er forsvarleg å sette i gang ryddearbeidet på vegen.

Det har vore mange oppdrag knytt til vêret i Sogn og Fjordane natt til søndag, oppsummerer Rebnord.

– Det har vore hektisk, seier han.

Klokka 16.00 var E39 langs Jølstravatnet open igjen etter vurdering av geolog.

Set inn fleire politipatruljar på grunn av vêrmeldingane



Artikkeltags