Johanne (16) saknar skulen: – Heimeskule er meir slitsamt enn eg såg føre meg. Det er mykje meir jobbing enn vanleg skule!

FLORØ: Heimeundervisning har vore krevjande for elevane på vidaregåande. Stian (18) skal snart tilbake på skulebenken, men Johanne (16) må smørje seg med tolmod. Begge to saknar skulen.