Sunnfjording lurte til seg nesten 130.000 kroner frå NAV

Mannen i trettiåra skal ha lurt til seg arbeidsavklaringspengar ved å seie til NAV at han jobba halvparten så mykje som han eigentleg gjorde.

DEL

Mannen skal ha rapportert til NAV at han jobba 1143 timar, medan han eigentleg hadde fått løn for 2353 timar, kjem det fram i rettspapira i følge Firda.

Ved å rapportere mindre enn halvparten så mange timar som han eigentleg hadde arbeidd, betalte NAV han 129.962 kroner meir enn han hadde rett på.

Ugjerninga skal ha skjedd mellom 2015 og 2017.

Uriktige opplysningar

Det kjem også fram i rettspapira at bedrageriet er grovt fordi det har skjedd betydeleg økonomisk skade.

Artikkeltags