Du skal nok vere meir enn berre overflatisk interessert i jazz for å kjenne igjen Tor Yttredal Impression Quartet som eit «superband». I alle høve om ein med «superband» tenker på konstellasjonar frå rockens verd, der kjende artistar slår sine pjaltar saman i eit band slik Traveling Wilburys gjorde. Eller Crosby, Stills, Nash and Young. Men jazzentusiastane har altså slått fast at Tor Yttredal Impression Quartet er nettopp eit «superband».

Bakgrunnen er at Tor Yttredal fekk eit oppdrag til MaiJazz i 2019. Han fekk frie taumar til å lage eit prosjekt i eiga namn, der han skulle setje saman sitt norske draumeband. Slik gjekk det til at han no spelar med tre av landets mest tonegivande og viktige musikarar; Audun Kleive frå The Chasers og Jøkleba, Ståle Storløkken frå Supersilent og Elephant9, og superbassist Ole Morten Vågan frå Trondheim Jazzorkester med fleire.

Yttredal sjølv spelar saksofon, og dette rutinerte laget spelar ein musikk som Ballade skildrar som fri, harmonisk, melodisk, rytmisk, hard, mjuk, rask og sein. Konserten under MaiJazz i fjor skal ha vore eitt av festivalen sine høgdepunkt, og no er dei altså på turne i regi av Vestnorsk Jazzsenter.

Søndag ettermiddag svingar turneen innom Florø, der dei skal spele i Speilsalen. Konserten startar klokka 15.00, og skal vi tru facebooksida til Samfunnshuset blir det mogleg å få seg både kaffi og ferske vaflar til tonane.