– Jazz er musikk som alle kan like

PÅ VEG MOT PROFF: Benjamin Sagebø har musikk og rytmikk som rettesnor i livet og siktar seg inn på eit liv som musikar.

PÅ VEG MOT PROFF: Benjamin Sagebø har musikk og rytmikk som rettesnor i livet og siktar seg inn på eit liv som musikar. Foto:

SVELGEN: – Eg ønsker å bidra til at fleire fattar interesse for jazzen. Med eit levande og leikent samspel trur eg den kan fenge mange fleire – også her i heimtraktene mine. 

DEL

Benjamin Sagebø er sisteårs-student på jazzlinja ved Universitetet i Stavanger. Han fekk musikkinteressa - om ikkje inn med morsmelka, så i alle fall inn via far og bandmusikar Nils Jørgen sine vinylplater. Han har gått gradene via kulturskulen i Bremanger, til musikklinja på Firda vgs, Tonheim folkehøgskule og no etter fire år i Stavanger, har han ein bachelor-grad i utøvande improvisert musikk.

Master i sikte

– Målet mitt er å komme inn på masterstudiet på NTNU i Trondheim. Eg håpar å kunne leve studentlivet eit par-tre år til og utvikle musikken endå meir, seier trommisen, som er aktuell med ein miniturné i Bremanger, Florø og Førde frå 13. til 15. august.

– Kva tenker du om å leve av musikken på sikt?

– Eg har ikkje teke ped’en endå. Det kan hende eg må ta den og undervise ein del for å kunne leve av musikken, men draumen er å leve av spele. Då må eg sikkert bu i ein by som Oslo for å knyte kontaktar og få tilgang til nok speleoppdrag, vedgår han.

Lenke til arrangementsinfo

CANELUS KVARTETT: Frå venstre Svein Olav Herstad, Benjamin Sagebø, Raimund Hoclas og Vicotr Pedersen.

CANELUS KVARTETT: Frå venstre Svein Olav Herstad, Benjamin Sagebø, Raimund Hoclas og Vicotr Pedersen. Foto:

Eige språk

– Jazz er som eit eige språk. Eit godt improvisert samspel er som ein samtale mellom musikarane, der det er spanande å høyre kva musikarane har å seie til kvarandre. I Canelus Kvartett er vi fire solistar som dyrkar både samspel og samtale. Det er veldig gjevande og det blir alltid noko spanande nytt å høyre, forklarer han.

På musikklinja på Tonheim Folkehøgskule, møtte han sjelefrende og gitarist Victor Pedersen, som han også har studert saman med i Stavanger. Der blei han også kjent med pianist Svein Olav Herstad.

– Han var læraren min, sidan eg valde piano som bi-instrument. Etter kvart har eg fått spele trommer med han i ulike samanhengar i Haugesund. Han er ein av landets desidert beste jazzpianistar. Han spelar med teknisk briljans, men samstundes fantastisk lyrisk og melodiøst, fortel Benjamin, som er særskilt stolt og glad over at Herstad er med.

– Han er mest kjend for sin eigen trio, og har spelt med verdsnamn som saksofonisten Chris Potter, Richard Bona og John Scofield. Bandnamnet Canelus er elles inspirert av ein av Scofield sine låtar.

Lokal proff

Val av bassist til bandet var enkelt. Den opphavleg tyske kontrabassisten Raimund Hoclas er proff til fingerspissane, bur no i Kalvåg og har undervisningsstilling i kulturskulen i Bremanger som basis. I tillegg er han aktiv som frilansar i ei lang rekke bandkonstellasjonar i regionen.

Repertoaret i Canelus Kvartett består av eigenkomponert materiale av bandmedlemmane Svein Olav Herstad og Victor Pedersen. Musikken har sterke referansar til den amerikanske blues-prega jazztradisjonen, i tillegg til referansane til nordisk jazz. Alle musikarane har improvisasjon som sin felles musikalske ståstad og med repertoaret utforskar bandet spontaniteten i ei klassisk kvartett-besetning, med fokus på samspel, leikenheit og at det skal swinge. Denne veka kjem dei til ei scene nær

Sjå Benjamin Sagebø spele jazzrock med lokale kompisar i 2015:

Konsert Lasses Kro, 28/12. Raimund Hochlas, bass, Jonas Valberg, gitar, Eirik Ask, tangentar og Benjamin Sagebø, trommer.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken