Jann Olav Tjønneland og Merete Helgheim vann Hovlandstølen opp

VINNARANE: Merete Helgheim frå Førde IL og Jann Olav Tjønneland frå Viksdalen IL var raskast opp til Hovlandstølen i 2019 Foto: Arne Hjorth Johansen
EIKEFJORD: Det blei ingen rekordar i motbakkeløpet i Eikefjord i år, men elles var det eit godt og vellykka arrangement.
Løyperekorden på dei rundt 3500 meterane opp til Hovlandstølen var aldri i fare laurdag. Marius Vedvik har som kjent sprunge opp på sterke 15.30, og dei raskaste løparane var nokre minutt bak den tida. Men det var mykje folk på toppen, og alle som kom løpande blei heia fram og over målstreken.
Vinnaren i herreklassa i år blei Jann Olav Tjønneland. Han sprang for Viksdalen IL, og kom i mål på tida 18.29.6. Øystein Støfring frå Jølster IL tok andreplassen, med 19.34.0. Dei to lokale løparane Lars Bjørbæk og Arne Aase blei nummer tre og fire med tidene 20.53.9 og 20.59.9.
I dameklassa var det Merete Helgheim frå Førde IL Friidrett som var raskast opp den seige motbakken i Eikefjord. Ho klokka inn på tida 21.18.5. Ingunn Hove, også ho frå Førde, tok andreplassen med tida 21.28.5.
Leiaren for det heile, Cathrine Holsen Gardner gjetta på ein plass mellom 60 og 80 deltakarar. Med 44 i mosjonistgruppa, 21 i konkurranseklassa, og ein god handfull med barn i tillegg må vi seie at det var godt tippa. Det var bra med folk i målområdet i det konkurranseutøvarane gjekk i mål. Førehandsvarselet tyda på dårleg ver, og det gjorde nok at det ikkje var fleire som tok turen, men vêret blei faktisk ganske bra på toppen utover dagen.
Hovlandstølen opp - resultater
Konkurranse menn:
1. Jann Olav Tjønneland Viksdalen IL 18.29.6
2. Øystein Støfring Jølster IL 19.34.0
3. Lars Bjørbæk Florø 20.53.9
4. Arne Aase Florø 20.59.9
5. Vegard Furevik Førde IL 21.37.6
6. Stig Kongsvik Hyllestad IL 22.09.7
7. Eivind Liabø Iversen Tambarskjelvar IL Sykkel og Tri. 22.09.8
8. Øyvind Jon Solheim Eikefjord IL Ski 22.34.4
9. Helge Arnstein M. Heimseter Eikefjord IL Friidrett 22.51.1
10. Arne Odd Løkkebø Eikefjord IL Friidrett 24.43.0
11. Svein Helge Bruheim Bravo (Florø) 27.07.3
12. Tore Øren Eikefjord IL Ski 27.35.6
13. Asbjørn Røyrvik Florø 32.22.3
Konkurranse kvinner:
1. Merete Helgheim Førde IL Friidrett 21.18.5
2. Ingunn Hove Førde 21.28.8
3. Gry Magritt Haugset Jølster IL 23.33.8
4. Johanne Støfring Jølster IL 24.21.5
5. Guri Line Brekke Førde IL Friidrett 24.34.9
6. Anette Hollevik Flora CK 25.54.7
7. Margunn Eikås Endestad Eikefjord IL Friidrett 29.12.4
8. Solveig Svardal Eikefjord IL Friidrett 29.48.2
Kommentarer til denne saken